14.12.07

Tannfeen


Min tannfe er ein tyskar som heiter Jörg. Han har fått masse masse pengar og eg har fått normale tenner. Kem skulle trudd det? Har berre tatt seks år sidan eg tryna i trappa utanfor sagnomsuste Randall Lines student house i Wolverhampton, og pådro meg den mest langtekkelige og frustrerande føljetongen i mitt liv (kanskje med unntak av slanking, men MYE dyrare). Knekte fortenner førte til først og fremst smerte, deretter plastikk, mislykka rotfyllingar, betennelse, nye rotfyllingar, meir plastikk, polering, brune fortenner, blå fortenner, femten forskjellige tannlegar med ulike meiningar men med konsekvent stive prisar og eit stadig heftigare hestepreg på kjeftamentet har i mange år vært ein del av kvardagen. Så det var ei stor stund i går, då eg kunne smila heile vegen frå tannlegekontoret med permanente poselenskroner i rett farge. Jul, bursdag og navnedag på ein gang.

Og joda, eg tok bilde av dei nedslipte tenna. Det var mindre kvalmande enn eg huska, og tannlegen synst det var veldig vittig. Trur ikkje eg legg det ut her, for det kan verkeleg bli brukt mot meg.

Ellers: STORM. Og helg med tur til Nuorgam og Polmak.

2 comments:

Jorunn said...

Gratulerer! Hehehe, eg fekk litt assosiasjonar til 10 days 10 years younger, der kvar einaste deltakar får nye tenner.

Mari said...

Så fin du blei! Eller finare er vel rettare å sei, du har jo alltid vore fin.