Wulfrun hall
Som nevnt i eit tidlegare innlegg om Wolverhampton, var det mange flotte konsertar å overværa i Wulfrun hall, eit par hundre meter frå huset vårt. Sjølv om eg var i Wolvo i tre år, kom eg meg berre på fira konsertar. Men dei var ganske minneverdige, alle saman.
Ein av dei fyrste eg kom meg på var Tori Amos, ein artist med mykje luft på stemmen som eg var litt meir glad i når eg var ein del yngre. Som alle artistar som har vore store, men ikkje er det lenger, eller som aldri blei veldig store i det heile teke, spelte ho konsert i Wolvo. No var dei fleste banda som spelte i Wolvo av typen Björn Again , så detta var kvalitativt forsvarleg.
Noko som kanskje ikkje var det, men desto bedre konsertoppleving, var godaste Erasure. For dei som ikkje har kjennnskap til detta flotte 80/90-tals homopop-bandet som herja Postens Sommerkassetter med hitar som Oh L'amour og Sometimes, har verkelig gått glipp av noko. Ein av dei siste kveldane i Wolvo før sommarferien etter 2. året, detta var store greier. Vi hadde med oss ein svær plakat der me hadde malt LOVE TO HATE YOU og eit stort hjarta. Ei dama spurte oss om me ikkje trudde dei kom til å spela den sangen uansett. Til slutt måtte me legga fra oss plakaten, for det var mange som synst den var stor ogskygga for utsikta og slettes ikkje høyrte heime på konsert. Eg har eit bilde i håvet om at alle i publikum var heterofile par i dongeriklær. Men vi hadde det i alle fall utrulig kjekt. Og dei spelte Love to hate you.
WASP neste. Desse slitne tungrockarane med Blackie i spissen er muligens representative for band som kanskje burde ha lagt opp for lenge sidan, men dei held ut for oss som set pris på blodharry musikk, naglar, motorsyklar og flammeshow på scena. Desverre leid sceneshowet under det faktum at dei har sunke i popularitet, derav mindre peng, slik at flammane var av...papp.
Siste og mest sannsynleg beste, var Nick Cave and the Bad Seeds. Dette var på turneen etter As I Sat Sadly by Her Side-albumet, derfor var det mye rolig pianoklimper, og ein Cave som såg ut til å ha det ganske så fint med både verda og seg sjølv. Noko motsett av det han er kjent for mao. Slik vert ein altså av å bu i Brighton. Heldigvis avslutta dei konserten med meisterverket Red Right Hand, der noko av den intensiteten og styrken i Cave sine konsertopptredenar kom til syne. Eg gløymer heller ikkje den vetle damo ved sidan av meg som heile tida gaula på black country-dialekta si: "Oi, Nick! Sing us a luvv (love) song, Nick!"

No comments:
Post a Comment