Out of darkness cometh light
Nei, det er ikkje ei gospel- eller svartmetallplate. Det er orda som er innprenta på byvåpenet til Wolverhampton, den midtengelske byen der eg tilbrakte tre år av mitt liv etter vidaregåande. Byen ligg i det gamle industribeltet som strekk seg gjennom England, og er derfor inga pearl of England med grøne bakkar og historiske festningar på klippene. Det er på ingen måte ein by med stolte universitetstradisjonar og samlingspunkt for intellektuell dekadanse a la Cambridge og Oxford. Det er ingen koselege snurrige gamle småkjeltringar frå 'Heartbeat' eller lokale pubar med bikkjer i bardisken. Samtidskunsten har og glimra med sitt fråvœr, og kunstgalleriet tilbyr som regel 'reclining nude' i alle sine fantastiske 'tema'(suppe)utstillingar. Byen er prega av stygge kjøpesentre, søppel, falleferdige hus, tomme fabrikkar og Vicky Pollard-jenter. Det er vel egentlig eit høl utan like.
Fyrste halvåret budde eg på internatet Randall Lines, eit tidlegare sjukehus. Her delte eg ein tett dusj med 11 andre jenter. Året før hadde ein kar vorte bottled to death i femte etasjen. Det betyr ikkje at han drakk seg ihel, men at nokon andre drap han med ei knust flaske. Natta bestod av å våkne av hyl og skrik fra fulle folk og brannalarmen som gjekk av opptil tre gongar kvar kveld. Når brannalarmen går av må alle ut. Går du ikkje ut kjem ein (sannsynlegvis, me er jo i England) stygg brannmann og kjefter og smeller og kastar deg ut i novemberregnet. Andre halvåret tilbrakte eg i halls som var hakket opp i pris og standard. Her budde eg med masse døve folk, ein folkesky gutt og ei dame som hadde hår på ryggen (IKKJE overdrive. Ho var ei Jokke-dame av dimensjonar). Sosialt, med andre ord. Takk gud at eg hadde vennar 'på utsida'.
Dei to siste åra budde eg i Dunkley street, den mest sentrumsnœre gata av det sagnomsuste Whitmore Reans, ein slum beståande av studentar, indarar og arbeidslause fjompenissar. Gata var ganske fredelig, men det var antageligvis fordi all knivaction gjekk føre seg i bakgatene. Dessutan var gutta som budde i Dunkley Street utslitte etter ein lang dag med å stå og henge ute i gata, røyke hasj og rope obskønitetar etter vi under 60. Men: masse kjekke folk og. Eg vart kjent med dei indiske naboane mine gjennom eit fotoprosjekt, og egypteren på hjørnet vart lei seg då eg hadde øydelagt Palestinaskjerfet mitt, så han gav meg eit nytt. Litt lenger nede i gata budde nokre skikkelige 'lads' som me kalla for 'the animals'. Ordet lad på engelsk har kome til å bety ein ung gutt/mann som likar sport, øl og damer og har eit ganske snevert syn på verda utover dette. Menn som ikkje spel fotball eller går med jakke når det er kaldt, er sjølvsagt homoar. Desse gutta var ganske underhaldande til tider, sjølv om dei stal hagenissen vår.
Dagane gjekk med til studier på School of Art and Design, forkorta SAD (!), der eg studerte foto og illustrasjon. Etter det første sjokket den generelle idiotien hadde lagt seg (ingen veit kva 1. mai er, voksne folk spør meg kor Norge ligg....), fant eg meg ein slags plass blant mine fellow students. Mitt fyrste prosjekt handla litt om inntrykket mitt av denne byen...:

Om kvelden drakk me som regel. På Quid's In på Student's Union (pound a pint) vart me vitne til kor mykje engelskmenn kan drikke. Det er mykje. På mandagar i andreåret var det Irish Live Night på City Bar- dette resulterte i glade bekjentskaper for fleire, og mange slitsomme og pinefulle tirsdagar. City Bar tok heilt av siste året. Alle gjekk der når det andre stengte. Denne plassen hadde alltid lock-in og me kunne skjenka oss til langt utpå morgonkvisten. Dei som arbeida der var mest studentar sørfra, dei kunne ikkje engelsk og fekk sikkert ei rumpetaske i timelønn. Ølet var utvatna, vodkaen var ASDA smart price (tilsvarar first price). Me dansa og sjaua natta gjennom og hadde det som regel steinkjekt.
Ellers var konsertscena Wulfrun Hall eit sted å gå for å oppleve sine fordums heltar. Dette er verkeleg stedet å sjå artistar som kanskje har opplevd større glanstider. Alice Cooper, WASP, Tori Amos, Nick Cave, The Stranglers og Erasure- eit steinkast frå døra vår.
Etter fullendt grad derifrå drog eg til London. Det var traurige saker i forhold. Poenget med dette innlegget er jo at eg elskar den vetle byen i West Midlands på grensa til The Black Country, med sitt tvilsame fotballag og sin klamme stank av eddik som ligg som eit lokk over heile byen. Universitete er på oppsving, og byen har ein merkeleg aura som eg trur snart vil gjere den til noko meir enn bare heimbyen til Robert Plant. Wolverhampton er ein utskjelt møkkaplass som for meg er England sitt eige lille Odda. GO WOLVES!
her:


2 comments:
Det er rart at det er så lenge sidan du flytta til Wolverhampton. Hugsar du me skreiv brev til kvarandre? Viss du sender meg adressa di i Bergen skal du få brev, eller i alle fall eit postkort, frå meg no når eg òg har flytta ut i den store verda.
Ja, det hugsar eg. Dine var skrive på tjukt papir og var av og til vanskelege å tyda, men var veldig viktige. Kva skulle eg gjort utan?
Eg mailer adressa mi ein av dagane. Koseleg med brev etter gammalt.
Post a Comment