31.3.08

alt som ikkje skjer i Vadsø

Vadsø, relativt stilleståande og tregt

Vadsø er ein sånn plass der eg av og til finn meg sjøl hoppande rundt i leiligheten i rein frustrasjon over at ingenting skjer, ingen film på kino, ingen drag queen show på baren, ingen vil finna på noe, og alt og alle er kjempe kjempe teite. Det er innmari synd på meg då. Omtrent som oppvekst i Odda, altså.

Men for et godt år siden var det omvendt. Før gikk verden alt for fort.

No går den eit hakk eller to treigare enn det eg likar. Det er litt vanskelig å få balansen heilt på plass når ein av natur er veldig utålmodig, og VIL ha alt NO (med utropstegn) men samtidig lett forvirra, og har problemer med å sjonglera mange tankar i håvet samtidig.

Men eg veit egentlig ka eg og mentalhelso foretrekker.

Dessuten er det ikkje så verst når ein tenker seg om. Eg fekk jo faktisk spela gitarhelt på laurdag (men gjorde ein slett figur på Number of the Beast), og dra på fleskeharrytur til Finland på søndag. (Sånn at eg kan sitta i sofaen, se Colombo og drikka finsk øl i dag. Patetisk, tenker du kanskje, men der tar du feil. Alkokonsum i einsemd er lika givande som å gå på kino aleina (nok ein upassande aktivitet for enslige unge kvinner (koffor er så mykje upassande egentlig givande?)).) Og neste helg kjem himmelen til Finnmark i form av den tidlegare omtala snøballkampen Yukigassen. Gjett om atte vi har lag: Innflytterlista er et faktum.

Men eg treng atter litt fjell og dalar snart veit eg. Det får eg og: om få minutt dreg eg til Begen, Odda, festspel og den nyslåtte nieso mi Ida allerede neste månad. Stormande jubel!

6 comments:

Jorunn said...

Er du så enslig då...? Hynf hynf. BTW så har me fått leigd ut rommet att, så det er opptatt. Når var festspelene att?

Ingerid said...

om du klikkar på linken står det der...mai/juni.

Tjaa eg er faktisk enslig mesteparten av tida skal eg sei deg. Ikkje forveksla enslig med ensom nu da.

Vurderte aldri det rommet trur eg. Vi er så store at vi vil ha egen leilighet!!!

Jorunn said...

Gisp!! Eg og Howie skal forresten på visning i dag. Eit bitte lite hus, men billig...her er link: http://finn.no/finn/realestate/object?finnkode=12715478&sid=xz3cabeXuJl047907&WT.svl=Link

Jenny said...

er du i Bergen by snart?

Ingerid said...

Ja, den 24. mai!

Hus! Kossen gjekk det???

Jorunn said...

Næh. Det var eit veldig fint lite hus, men med ei gjennomsnittleg takhøgde på 1,80 var det ikkje verdt meir enn ein million syntest me, og i dag kom det inn bud på ein komma to. Så det er out of the question.