9.6.08

Sydentur

Det var fint med 25 grader og sol, utepils, g&t all afternoon og tilløp til solbrent hud på skuldrene, bad i sjø og klatring i fjell.

Først av alt er Ida hovudperson. Ho er veldig liten og ikkje fullt så knubben som mora var når ho var liten, men rund og blid sånn som babyar skal vera. Ho auka med sikkert 40% i dei to vekena eg var der. Ego har fått rollen som "Tante Gøy", og det er akkurat så fint som det høyrest ut. Vi er veldig tøffe ilag.


På ein litt slitsom og bakfull (for min del, grunna utdrekking) søndag fekk det lille gullet offisielt navn, og alle slektningane hennas fekk god mat etterpå. Jippi!


Eg kom forresten heim til ei datamaskin som har latt nevrosene sine slå ut i full faenblom mens eg var vekke, så eg klarar ikkje lasta opp bilder til bloggen. *irritabel oppkastlyd ut over tastaturet*

No comments: