Eit år med trykken
Pulten min i dag.
No har eg jobba i eit år som journalist i den frie og uavhengige presso.
11. juni i fjor begynte eg som sommarvikar i Hardanger Folkeblad i Odda. For første gang i mitt liv hadde eg ein jobb som ikkje ga meg mareritt om natta og angst om dagen, derfor tenkte eg at detta her kan eg jo fortsetta med. Så eg gjorde det. No jobbar eg i Finnmarken i Vadsø, og det ser ut til at eg skal vera her litt til.
Noen gangar er eg med på ting som er skikkelig kjekt, for eksempel ut i ein båt for å fanga kongekrabbar eller opp på eit fjell for å sjå på reinslakt. Andre gangar er det ikkje fullt så spennande, men mottoet er jo at alt er det du gjør det til. Ingen sak for liten, og ein kan aldri få for mange reportasjar om hestar, kattar, selar, begrepet "kven" eller babyar.
Og agurktida har så vidt begynt. :D

1 comment:
Oppdater din eigen blogg då!
Post a Comment