alle tinga dei la att, del to
(Ting foreldra mine la att etter seg i leiligheten. Sjå og: alle tinga dei la att, del ein)
På bildet av sykkelen ser vi noko skrammel i bakgrunnen. Det er dette:
Ikkje noko skrammel altså men ei fargerik bøya og ein stige, funne i Sandfjorden i Berlevåg. Litt maritimt nips å spica opp med.
Ein slags buskevekst fra havets bunn, dandert opp utafor døra mi.
To veldig fine steinar, trur dei kjem frå Hamningberg.
Endå fleire steinar, uviss bakgrunn. Såg ikkje at dei var der før i går.
Olja! Til sykkelen visstnok. Ikkje å forveksla med ein knallert på kvelden altså. Og koffor dei har med seg olja på ferie, det har eg ikkje svar på.

2 comments:
kanskje det fins eit gamalt og gløymt ordtak av typen; aldri ein ferie utan olja...
Vil ikkje anbefala å ha kjedeolje ståande på ei spritflaska, med mindre du har ein bod e.l. å grava ho ned i.
-Trond
Post a Comment