7.7.08

gavedryss

Mamma og pappa kommer på besøk til gudlabadne på fredag, eller kanskje torsdag, kem veit. Dei køyrer rundt Røros-traktene i skrivande stund så får me sjå om dei tar ein Martin Schanche mot nord eller ei. Uansett har yndlingsungen åpenbart gjort godt inntrykk i heimen, for mamma seier at dei vil gje meg ein innflyttingspresang- eit år etter. No er eg ganske sikker på at eg allereie har fått presang, men mamma er nok ikkje på nett før helga, så eg kan trygt skriva det her og likavel innkassera.

Problemet er at eg ikkje veit ka eg ønsker meg. Eg har det aller viktigaste av møbler, koppar og kar. Klær og didd er oppdatert, kjøpte meg til og med støvlar i helga. Eg har sofa og bokhylla, lamper med skjerm og til og med ein vase til å puttta blomar i, så eg synst eg trygt kan smykka meg med ein møblert heim.

Derfor må eg pønska litt på ka eg skal ønska meg. I termen 'innflyttingspresang' ligg det jo at det skal vera noe fornuftig og praktisk, i alle fall ikkje rettetang og sånt.

Forslag?



Ellers: Fremdeles med etterdønningar etter Skiippagurrafestivalen i kroppen, vondt i biholene og litt frost i heile meg, men snart blir det bra igjen. Set i gang tiltak for holistisk sjøltrøst, både med og utan blandevatn.

3 comments:

Jorunn said...

Vaffeljern? DVDspelar? Verktøy? Kjøkkenmaskin? Badekar?

Eller berre rett og slett gavekort ein stad?

Jorunn said...

I have blogged.

Anonymous said...

sykkel.. :)