Bulle blir stor
Når eg var liten kalte faren til bestekompis Erlend meg for Bulle. Eg hata det navnet for det hørtes ut som akkurat sånn som eg var: rund og ufiks, litt naiv, ikkje noe spesielt i den eine aller andre retninga. Bare ein rund unge i rosa gensar og støvlar som pilte seg i neso.
Det tok mange år før eg brukte med rosa. Først skulle eg gjennom ein alt for lang periode av skiftande (once upon a time-)subkulturelle stilar som hadde til felles at dei såg jævlige ut og var eit opprør på utsida.
Koffor tenker eg på detta no? Bilder så klart. Mamma har sendt meg gamle negativpermar fra første studiene i Wolverhampton. Eg blir glad når eg ser på gamle negativer og forstår at eg har gått ein plass. Alt ser annerledes ut. Nesten som å se på bilder av besta som konfirmant, ser eg at det er meg, men ikkje i ein utgave eg er vant med. I byen som vi hata alle sammen vi norske, med alle menneskene vi ikkje forsto, og som ikkje forsto bæret av oss heller. Merkelige kodar og reglar som vi bare kava i dei første åra, prøvde å forstå men turte ikkje heilt.
Når eg ser bildene no forstår eg ganske mye meir. Virkelig.
Jesus wept, eg ser ikkje UT.
Og eg er faktisk litt stolt over at eg såg sånn ut. Ganske lenge og.
Kjønn og rollemønster sit spikra i arbeiderklassa i England, og når du drar til West Midlands er det ikkje det samma som å dra til London. I Norge har vi og masse idiotiske reglar for korleis kvinne er og mann er, men her finst det i større grad rom for vera på sido, eller det gjorde i alle fall det. Når eg flytta til England kjente eg virkelig på kroppen kor bevisst folk var i forhold til meg på grunn av utseendet mitt. Kor lite åpne dei var for muligheten at eg faktisk ikkje var lesbisk, eller psykopatisk, eller satanist. Etter tre år på fotolinja overraskar eg ei klassevenninne ved å si at eg likte ein fyr. Ho fikk sjokk for ho trudde eg ikkje likte guttar. Ho trudde eg var i lag med ei annan på kurset. Hæ sier eg. Ho eg visstnok var i lag med var tysk og brukte ikkje sminke, og i tillegg snakka vi sammen i timane, så hallo, linken er jo åpenbar og vi burde ha skjønt at siden eg er så godt som tysk i britiske auger (eg glømmer aldri den gangen nokon kalte meg Gertrude) var det ein bænkers match.
Mitt møte med engelsk mentalitet var at alle jenter bruker sminke, rettetang , falske neglar, høge hælar på jobb og skule, men aldri jakker og strømpebukser. November, snødrev, tube top, blålilla lår og rusbruslatter. Alle andre er lesber.
Eg trur ikkje eg visste ka rettetang var ein gang. Saggebukser og kjetting, derimot, var fine greier. Så du skjønner.
Av og til tenker eg på kor lett det er no. Kor behagelig alt har blitt etter at håret grodde. No har klærne lappa seg saman og nettingstrømpene brukar eg ikkje på overkroppen utanom kanskje Halloween. Av og til tenker eg at eg har jaggu blitt ein konform tosk. Men det er så lett. Så fint. Ingen trur eg er ein gutt. Ingen ler av meg, er aggressive, ingen ser rart på meg, eg får komma inn på alle utesteder og slepp å forklara koffor eg kler meg sånn som eg vil, eller beklaga at det kan verka som at eg spelar for ditt lag når eg ikkje gjør det, men takk for interessen...
Men altså, litt konform og komfortabel tosk her. Som trivst med det. Som ligg på sofaen, kjem seg sakte men sikkert etter vodka-kalaset som markerte 26-årsdagen sin i går. Voksen!

5 comments:
Jeg syns du så ganske artig ut før, jeg. Og artig er du fremdeles. Hipp hurra for dagen som var, vodka-kalas høres ut som en passende feiring, men huff, jeg husker fortsatt min dagen derpå etter det forrige vodka-kalaset jeg deltok på. Jesus sier nå jeg.
Bare vent, snart står eg på døra di med ei vodkaflaska fra Murmansk!
Rusbruslatter. Kudos.
Du er fantastisk...
Eg ler.
"Johnny"
-som faktisk speler på det hitt laget.
Jeg synes du så råtøff i din engelske periode! Respect.
Post a Comment