3.12.08

Darkside

No er tida for å utforske dei mørkare sidene ved livet!



Som eg tenkte. Men no har eg altså strikka som ein gal sidan sola gjekk ned i sør. Til no har eg strikka opp rundt femten garnnøster fordelt på to luer, to skjerf (det eine i gigantklassen) og ein hals. Eg er i stand til å strikka vrang, rett, glattstrikk og er på tampen av å mestra vrangbord til det fulle, og på toppen av det heile klarte eg detta her, fullstendig utan hjelp av ikkje-virtuelle kjelder:


Fira pinnar på ein gang! Å strikka med fira pinnar er egentli lett. Det VANSKELIGE er at når dei seier 'fira pinnar' betyr det egentlig fem. Det tok det ein del nattestimar og sørfing på meir eller mindre ubrukelige strikkesider før eg forsto. Eg vel å fokusera på at det vart ein fin hals, ikkje at det vart ein totalt ubrukeleg leggvarmar.

I dag fekk eg og førstehjelpsbok fra mamma:


Så no er spøtet med overalt, her er vi for eksempel på Bastøferja i helga:


Men det er ikkje alt. Eg har og blitt bitt av bolle-basillen, nei ikkje sånn som du trur men sånn som det her:
Til slutt presenterar eg fira heimelade produkter som skulle hatt ei kjøkkenmaskin for å bli til. Men her i Bietilæveien er det langt til byen med elektroforhandlarane i, så me gjorde det heile med gaffel og klem. Hummus, guacamole, falaflar og salsa!


Eg gir meg sjøl kjerringkudos!

4 comments:

Jorunn said...

Herrejesus! Er du gravid?! Kva ellers kan trigga ein slik husmoroppførsel?!

Ingerid said...

Det er du som er gravid. :P

Anonymous said...

Respekt!

Og kan eg få den strikkeboka når du er utlært??

Signe

Jorunn said...

NeHEI, DU er gravid så det så!