28.12.09

18 timar på tortur

Egentlig er 18 timar Odda-Vadsø heilt latterlig kort reisetid. For ikkje så himla lenge siden var 18 timar latterleg kort reisetid Odda-Bergen.
Men når du vaknar halv sju med oppsvulma hals, feber og tre timars uroleg søvn bak deg, då er du ikkje klar for 18 timar med ein så ufyseleg, harry og ubekvem reisemåte som fly er.

Skulda var sjølvsagt mi. Som reiseoperatør for huslyden bestilte eg nokre etter mitt syn rasande billige billettar (3700per pers tur-retur frå Kirkenes til Bergen), men på eit eller anna mystisk vis gjorde eg dette utan å registrera at returen innebar 6 timars venting på Gardermoen i Oslo før flyet for nordover.
Ille det, men noko verre var det at vi ikkje hadde nokre moglegheiter til å koma oss frå Odda ein søndagsmorgon for å nå eit fly frå Bergen kl. 12. Ingen snøggbåt. Ingen buss via Kvamskogen. Ingen buss via Kvinnherad. Ingen ting.

(Mellom Bergen og Oslo går det 20 fly om dagen. Men skulle vi få bytta til eit seinare fly frå Bergen måtte vi kvar betale omtrent dobbelt av kva som er vanleg for ein flybillett mellom Bergen og Oslo.)

Difor vart det slik at dei snille foreldra mine kjørte oss heile vegen til Flesland eins ærend for at vi skulle få komt oss på det unødvendig tidlege flyet og rekka dei seks herlege timane på Gardermoen. Ein liten forsinkelse men ellers som forventa. Når vi kom til Kirkenes var det nærmare 30 minus og vi kjørte i febertåko rundt fjorden etter ei økt skraping og førstehjelp til medtrafikantar med flatt batteri på flyplassen.

Rundt midnatt var dei 18 timane forbi. Skjelvande av feber og kulde og kvalme om kvarandre kunne eg endelig legga meg i mi eiga seng. Og eg tenkte: eg skal aldri fly meir.

Verda blir mindre, seier dei. Men det trur eg ingen ting på. Å forventa at ting skal vera så lettvint resulterer kun i skuffelse. 18 timar mellom Bergen og Vadsø er latterlig kort tid. Torturisk lang tid med mi innstilling.

Derfor synst eg at verda skal verta litt større igjen. Derfor synst eg at det skal ta lang tid å reisa. Og at reisa skal vera kjekk. Derfor vil eg prøva å ta den lange vegen neste gang. Vegen som buktar og snor seg, som tar lang tid, har avstikkarar, treng telt i bagasjen, eller sovekupe, solbriller, regnklede, kamera, godt reisefølge eller i alle fall ein pils og ei pocketbok.

Eg kjem heilt sikkert til å fly igjen. Men heretter vil eg prioritera å ha det kjekt på turane mine.

No comments: