Takk, men nei takk
Eg har latt meg riva med, ja kanskje til og med blitt så smått hjernevaska av det lille skredet av klimadokumentarar, -debattar og -konferansar som har herja på TV'en vår i det siste.
Så kom huslyden på at vi skulle gjøra noe som eg fekk ansvaret forå gjøra for mange månadar siden (men som var uforklarlege grunnar ikkje har makta), nemlig å klistra eit sånt klistremerke der det står "Nei takk til uadressert reklame" på postkasso. Så eg prøvde å finna ut kor eg kunne få tak i eit sånt. Søker og finn detta frå Grønn hverdag.
Men det koster jo pengar, i alle fall både ekspedisjonsgebyr og frakt. Dessuten blir det sannsynligvis sendt i ein konvolutt, og saman med ein eller fleire brosjyrar. Litt ironisk.
Og: Ifølge hainn Stat er det "forbudt å levere uadressert reklame og gratis aviser til forbrukere som på en klar og tydelig måte viser at de ikke ønsker dette ved å merke postkasse og/eller inngangsdør."
Aha, ein treng altså ikkje det spesifikke merket. Å laga sin eigen lapp er lika dugandes.
Eg tenker: hvis Grønn hverdag er så opptekne av at det skal bli mindre unødvendig papir, burde dei ikkje oppfordra folk til å laga sitt eige merke?
Eg tok i alle fall og klipte opp forsida av gule sider-katalogen for å få ein flott og hissig signalfarge på skiltet vårt, som funker som bare det.
Vi har og bestemt oss for å bytta ut ein kjøttrett med ein vegetarrett i veko, og eg vil bli litt flinkare på å kjøpa økologisk.
Eg tar gjerne imot fleire grønne tips. :)

6 comments:
Resirkulering er ein fin ting! :) Eg har også bytta ut all sminken min med økologisk sminke utan parabener, les meir på http://gronnogskjonn.blogspot.com/!
Takk- nais sida.
Trur vi resirkulerer det vi kan- mangler vel bare kompost. Skal dåkke ha det no?
Du hadde ei "grønn" bok husker eg. Er det mulig å få mysa i den?
Sånt klistremerke på postkassen fungerer faktisk bra, men eg har merka meg at den lokale kyrkjelyden ignorerer det. Ingen av oss er medlem, men menighetsbladet kjem uansett kor forbudt det måtte vera.
Ellers trur eg det er få ting ein kan gjera på individuelt nivå som har større effekt enn vegetarkost. Norsk Vegetarforening har informative nettsider med oppskrifter og greier.
Å velge økologisk mistenker eg at i beste fall ikkje har noko å sei. I verste fall er det verre for miljøet, sidan du treng dobbelt areal for å produsere same mengde varer. Det vil i praksis seie at mykje skog må hoggast dersom alle skal ete økologisk.
Meinighetsblad duger jo som regel verken til å fyra opp med eller å ha i støvlane. Kanskje dåkke må prøva med litt satan-symbolikk på kasso i stedet?
Takk for oppskrifttips!
Økologisk mat handler for meg mykje om dyrevelferd. Når ein driv økologisk er det jo strengare krav til at dyrene har det ok? Det var og grunnen til at eg var veggis før. Har vore i eit par "ordinære" hønsehus, og tenker at det her vil eg ikkje vera med og subsidiera.
Når det gjeld ressursbruk etc, veit eg ikkje så mykje, men tenker:
At det krev større areal er vel naturleg- fordi det vert produsert slik mat eigentleg skal produserast.
Sprøytemidler brukt til ikkje-økologisk produksjon har eg vondt for å tru at er bra for miljøet.
Dessuten har det vel ein signaleffekt om kva slags forhold vi vil ha for dei som lager maten- enten det er kyr eller bønder?
Dersom ein tenker dyrevelferd kan eg vera einig i at lovverket gjer det betre for dyra.
No tenker ikkje eg så mykje på det, sidan eg ikkje et dyr sjølv, men eg byrjar å lure på i kva grad dyrevelferda i det konvensjonelle landbruket lar seg påvirke av at det fins eit "snilt" alternativ? Kan det tenkast at dei som vanlegvis ville protestert på og forsøkt å få endra dårleg dyrevelferd i det konvensjonelle landbruket heller vel økologisk? I så fall vil dei ha vald ei ordning som gagnar nokre få dyr framfor mange.
Det er for øvrig sikkert mange ulike meiningar om korleis mat eigentleg skal produserast, men eg trur ikkje fortida kan lære oss noko i dette tilfellet. Eg stolar dessutan meir på at velferda til arbeidarar og konsumentar blir ivaretatt av det gjeldande lovverket, framfor ein landbruksfilosofi som stammar frå Rudolf Steiner.
Det er også masse myter og tvilsom markedsføring rundt økologiske varer. Her er ein fyr som er skeptisk.
Eg er og litt skeptisk til mye av markedsføringa, men trur eg skal finna ut litt meir før eg har noen bastante meiningar.
Kan godt vera du har rett i at nokre dyrevernarar blir passivisert av "snille" produkt, men det er då fleire menneske som vel økologisk enn som aktivt demonstrerar utanfor Stortinget. Dei som verkeleg arbeider mot dårlige kår for dyr og faktisk får noko gjort (noko eg ikkje er sikker på om sinte demonstrantar gjer) vil vel uansett fortsetje arbeidet. Trur eg.
Men egentlig synst eg at politikarane skal skjerpa seg, og gjera det litt mindre bakstreversk å vera miljøvennlig. Akkurat no er det eit dyrare og dårlegare alternativ i nesten alle tilfeller når det gjeld transport.
Post a Comment