Bestevenninno mi
18 år gammal i Wolverhampton traff eg ei som vart bestevenninno mi. Ho var litt som meg: skeptisk. Ikkje heilt komfortabel med hverken landet, byen, studiet, maten og været der vi oppholdt oss. Og ikkje minst delte vi ei djup og inderlig mistru til ignorante engelskmenn, sjølopptatte franskmenn og blåste spanjolar som ikkje kunne engelsk. Needless to say, vi vart ikkje ein populær duo. Men vi hadde det kjekt i lag. Før eg traff ho kjente eg meg som ein vennelaus fjomp.
Vi trengte kvarandre litt. Ho var nydumpa av den franske kjærasten, som snart blei til halvdumpa som sidan vart til gjenforent. Eg trengte ein venn som var der heile tida. Kjæresteproblemene fikk eg full innføring i, og vart den støttande venninna som fungerte som livspartner når kjæresten ikkje virka. Og egentlig ellers og.
Etter første året flytta vi saman, stod samla mot ein felles fiende i huset, sidan TO fiendar, og støtta kverandre gjennom superturbulent tenåringsfjas som i ettertid er så fjortissete at eg lar vær å utdjupa. Vi spiste i lag, slanka oss i lag, sleit i lag, drakk i lag. Ei felles venninna sa at vi levde i symbiose. Heilt korrekt observert. Vi var som eit merkelig ektepar.
Vi er grunnleggande forskjellige på mange måtar, og vennskapet var milevis frå å likna knirkefritt, men eg kan trygt si at uten ho hadde eg ikkje overlevd Wolvo.
Etter to år flytta vi kver til vårt. Eg til London, ho til ein annan by i Sør-England, for å ta kver vår mastergrad. Etter denna var over jobba eg ei stund i London før eg flykta heim igjen av litt kjipe årsaker. Litt før avreisa var bestemt introduserte ho meg for nokon eg blei veldig begeistra for. Ei stund seinare forstod eg at begeistringa var bortkasta, og ikkje før eg kom heim viste det seg at eg hadde blitt lurt på trasigste måte, og mista venninno mi samtidig. Mye stygt, fullstendig grimt samlivsbrudd type tragisk. Kombinert med ein ganske ærelaus retrett frå det store utland til den pittelille heimstad føltes det som om prosjektet Ingerid endelig hadde havna i dass på alle tenkelige måtar.
Over fira år har gått sidan eg var i dass. Veldig mye har skjedd. Livet mitt er meir annleis no enn eg kunne ha drømt om då (somn det alltid er fira år etter). Nokon gongar i løpet av denne tida har ho tatt kontakt. Som eg alltid har ignorert, og med letthet: eg har ikkje hatt noe behov for å ha kontakt. Etter ei stund berre forsvant ho ut av bevisstheten min.
Men i det siste har ho dukka opp att. Her om dagen vart eg mint på ho fordi eg såg skodespelaren Jean Reno på TV. Ein av våre "greier" var å dyrka Jean Reno. Men i stedet for å bli sint og bitter ved tanken på kor teit denna venninno var med meg, tenkte eg på kor dumt det er at vi ikkje har kontakt lenger. Eg har ingen som serverer meg sorbetis med grappa, gauler med til Rammstein eller gir meg ei skrapa når eg oppfører meg totally pink in the head.
Eg brukte fira år men no er eg ikkje sint lenger. Når eg brukar meir energi på å vera sint enn på å ikkje vera det, då er eg ikkje lenger sint. Sånn. Gone. Eg er meir glad i enn sint på ho.
I dag sendte eg endelig ein e-post. Kanskje får eg igjen bestevenninno mi, kanskje ikkje. Uansett så veit ho no at eg ikkje er sint lenger. Det kjennes veldig godt.



4 comments:
Jeg ble faktisk skikkelig rørt av dette superdupre innlegget. Greit, du har forlatt journalistikken, men du må aldri forlate skrivinga. Flott dagbokinnlegg også!
Tusen takk, det var veldig fint sagt.
Journalistikken drepte skrivegleden,men blogging er ein perfekt mengde...:D
Så fint innlegg da!
Tusen takk :)
Post a Comment