6.3.10

Næring på bøtta? Nei takk!


Alle som har vore innom Kinsarvik frukt og grønt i Bergen, diverse kostholdsbutikkar, eit litt oppjazza treningssenter, eller dei aller aller fleste internettsider som handlar om styrketrening, har sett gudekropp på bøtta. Det vil si proteinpulver. Mammoth, mutant mass, weight gainer, muscle juice. DEILIGE reklamar for diverse preparater som skal gjøra deg til ein gresk gud. Hovedsakelig promotert av glinsande, nøttebrune, radmagre mennesker som det ser ut som nokon har blåst full av luft.

Eg har full forståelse for at folk vil bygga musklar. Eg synst musklar er fint. Og eg er hellig overbevist om at mange fleire har godt av å trena meir styrketrening enn dei gjer. Spesielt jenter. Og spesielt sånne jenter som meg, ikkje direkte sporty typar som heile livet har slete med ekstra kilo og fått beskjed om at det einaste som hjelper er å jogga og eta gulrøtter, vi har har veldig godt av å trena styrketrening. Og vi har godt av masse proteiner!

Protein finst heilt naturlig i eit lass av matvarer. Ganske greie matvarer og. Kjøtt, egg, mjølkeprodukter, brødmat og bønner...I dei siste vekene har eg surfa ein del på nettsteder for styrketrening og lignande. Det ser ut til at det er ein kultur for at folk som trener styrke treng å trø innpå med ulike monster mass-byggande pulver frå bøtta. Ein skal vel ha ca. 1,5 gramprotein per kroppskilo når ein trenar styrke (meir om ein trenere heftig styrke). Men hallo. Å få i seg 100 gram protein per dag er ikkje vanskelig. Det er ikkje komplisert. Det er ikkje noko som krev at du et ekle ting, unormale ting eller dyre ting. Og det krev i alle fall ikkje mammutpulver. Det krev at du gidd å eta ordentlig. Og hvis du er interessert i at kroppen din har det bra så gjør du jo det.

Selvfølgelig gjør det meg fint lite at folk bruker proteinpulver. Og for dei som kjører knallhardt, eller som konkurrerer i sånne muskelting eg har liten peiling på, har det sikkert noe for seg. Men eg blir litt sprø av å bli presentert for proteinpulver, shakar og barar som ein essensiell del av kostholdet bare fordi eg prøver prøver prøver å bli sterk nok til å ta ein einaste liten fåkkings armheving uten å detta saman som eit håndkle.


Hytteost e mye bedre enn pulver! Proteiner, kalsium og kos.

No comments: