Death by Marmite
Eg blei glad då eg fekk denna pakken i posten.
Først: TUSEN TAKK HILDE!
Så: Marmite er Englands nasjonalpålegg. Marmite består for det meste av gjærekstrakt, som er eit slags avfallsstoff (eller overskuddsstoff) som blir igjen etter ølbrygginga. Litt sånn som det ein lager brunost av kanskje (og ka heiter det no igjen)? Marmite er meint til å bruka som pålegg og buljong. Smaken er så intens at du må vera litt forsiktig i starten. Definitivt ein såkalt acquired taste....
Første gangen eg smakte marmite var høgst ufrivillig, som ein innsneke ingrediens på ein eller annan ferdiglagd trekantsandwich eg kjøpte meg ein gong der i midlands. Å fytti katta det smakte grusomt, og gjett om det havna i søpla (eller do). I etterkant har eg tenkt at eg må ha mislikt smaken fordi eg ikkje ante ka det var. Å eta noe du ikkje aner kva er, er i beste fall litt ubehagelig og skremmande. Spesielt når det smaker MARMITE av det!! For Marmite smaker veldig sterkt av...eeehhh...Marmite. Som eg best kan besktiva som ein konsentrert smak. Med salt.
Marmite vart produsert på ein eller annan ye olde plass med eit bryggeri i England frå starten av 1900-tallet. Pålegget kjem på små fancy glass med skrikande gul etikett som har vore ganske uendra siden starten.
Marmite har både sine tilhengarar og innbitte motstandarar. Har du Marmite på kjøkkenbenken får du enten ein ÆSJ eller ein NAM-reaksjon frå besøket, spesielt når du er utlending, då dine britiske gjester vil enten A) rosa deg opp i skyene for bra stil og anbefala deg den store Marmite-kokeboka, eller B) befri deg frå styggedommen før det er for seint.På dei aller fleste britiske internettfora vert det før eller seinare oppretta ein eller fleire marmite-trådar der desse to gruppene kranglar. Og før eller seinare kjem ein og påstår at dei kjenner nokon som har døydd som følge av Marmite-inntak.
Nam seier no eg. My mate Marmite.

Meira marmite her.


No comments:
Post a Comment