9.6.10

Fruity sicko

Øyvind høyrer lyden av et menneske, altså potensiale for meir mat

Ein skummel sjukdom starta på søndag, godt hjulpe av litt for heavy trening på beina. Etter ei veka styrkefri var det lett å bli ivrig. Og lett å angra på det etterpå.

Siden det har eg hatt avsindig gangsperr, rennande nesa, dunkande håve og eit begredelig surt oppsyn. I går ga eg opp arbeid og gjekk heim, i dag lot eg vera å prøva ein gang. I stedet puslar eg heima og ventar veldig lite tålmodig på at basillene skal gå vekk. Eg har plukka opp strikketøyet igjen og spamma internettforum til den store gullmedaljen, testa ut noen nye oppskrifter frå frukt.no, og i dag har eg samla krefter om å tørka litt støv og hiva ut asko fra ovnen innimellom spam- og strikkeøktene. Kaffi skal og drikkast. Tida går.


Fruktfarsotten har på ingen måte lagt seg: Vi hadde laks med mango her om dagen, og på mandag lagde Lars koteletter med epler. NAM!

I går lagde eg blomkålgrateng med skinka og ost. Kem skulle vel trudd at eg ville eta noe sånt? Godt var det og.

1 comment:

Regni said...

Velkommen hjem, og gratulerer med godt utført Berlin-opphold! Du er blitt en tøffing på trening, og nå med matlaging også. En stadig mer imponerende progresjon. God bedring!