5.6.10

Sommar i nord

På tirsdag kom eg endelig heim att til mann, pus, hus og bil. Varangerfjord, høg himmel - ja du veit den pakko. For ein kontrast til Berlin!

Likavel har været laga ein smooth overgang for meg. Regn, vind og ti grader i Berlin...og regn, vind og 8 grader i Vadsø. Merkelig nok har temperaturen stege til 25 grader i Berlin etter at eg drog....

OBS! Sutring om været følger!

Eg blei faktisk ganske deprimert av været medan eg var der nede i Europa. For eksempeltilbragte eg ganske mykje tid heime i forhold til kva eg hadde planlagt. Rett og slett fordi eg ikkje orka å gå ut. Klena mine var jo tenkt å passsa til mai i Berlin, ikkje mai i Vadsø. Jo, sjølvsagt kunne eg ha handla tjukke vinterkle, men eg gjekk jo blåauga og naiv og forventa at været skulle bli litt...bedre??? Men neida, dagane over 15 gradar uten regn kan tellast på ei hand. Så fordi eg var for optimistisk og litt sta hadde eg for lite klær og fraus omtrent heile tida. Ganske teit egentlig. Eg innser det no. Men er du værsjuk så er du værsjuk.
Samtidig har eg lest boka Stasiland (anbefalt av smakfulle Inger Johanne), som ofte refererer til kalde og grå gater og stadar i Berlin. I mai kjente eg meg godt igjen i denna vinterforteljingen.


Himmel uber Berlin

Noe heilt anna: MAT!!! (ny spalte!)

I dag har eg laga wok med banan og karri i tillegg til vanlege ingrediensar (svinekjøtt, løk og brokkoli). Det var gult og kult. Frukt og kjøtt er med detta ein vinnar hos oss.

No comments: