Arbeidslaus
I dag sa eg opp jobben min. 1. juli er eg arbeidslaus for første gong på fira år.
Eg vil nemlig ikkje ha noen jobb. Så lite vil eg ha ein jobb akkurat no at eg sa opp verdas beste jobb, på verdas beste galleri, i verdas beste nabolag, rett nok bak verdas kanskje styggaste statsbygg, men det ser vi då ganske lite til dersom vi knip augene hardt igjen.
Galleriet på galgebakken kom som ein skikkelig hjartekompresjon i august 2009. Då var detta huset med det rare i alt eg kunne drøyma om. Eg elska den nye jobben min!
Og framleis er det veldig mykje på galleriet som eg elskar. Men eg vil ikkje lenger ha det som jobb. Eg vil ikkje bruka opp siste rest av entusiasme, forundring og eventyr knytta til detta kaotiske drøymehuset på daglegdagse, slitsame oppgåver. Nei, eg vil beholda ei god kjensle og ein glad tanke om denna plassen. Frustrasjonar rundt ein drittjobb kan eg heller ta ut på ein ordentlig drittjobb, om det blir nødvendig. Eg vil ikkje bruka negativ energi her.
Eg ser fram til ein lang sommarferie og ei kjensle av panikk når pengane tar slutt.
Akkurat no velger eg friheten. Fordi eg kan.



4 comments:
Ka skal du ta deg te ittepå då?
Vera arbeidslaus. Og glad.
Gratulerer! Eg meiner det! Riktig beslutning.
Takk! Ofte er det rett å gå feil veg.
Post a Comment