Halvvegs til målet opp og ned
NED: Det tok meg to veker å komma halvvegs i vektreduksjonen. Altså fire kilo ned på to veker, noe som tyder på at det meste var...ehm...luft? vatn? Noe sånt. Fett forsvinn ikkje så kjapt. Uansett: alle hjerter gleder seg!
Men vi som er gamle i gamet veit jo at det er dei siste kiloene som sitter hardast, så eg reknar med at neste halvpart kjem til å ta adskillig lenger tid. Håpet er at detta målet er nådd til eg skal springa halvmaraton 3. april, men det er faktisk bare....(gulp) fem eller seks veker til. Og ein av dei vekene skal eg væra på Gran Canaria med den andre halvparten av den eksklusive sofaklubben Natural born chillers . I følge guideboka har dei artige tre på Kanariøyene, kanskje eg skal klatra litt i dei.
OPP: Apropos klatring avanserer eg meget sakte men ganske sikkert på klatreurset. Neste veka håper eg å klatra heilt til topps på led (lurer på om det er slik det skrives). Å klatra led vil si at eg klatrer uten topptau, og derfor må sikra meg sjøl på veg oppover ved å festa krokar til veggen. Det er tungt tungt tungt fordi då må eg holda meg med bare ei hånd mens eg fiklar med krok og tau. Men no begynner jo eg å bli lett lett lett. Så suksess er lika om hjørnet sku eg mein.

2 comments:
Hei og hå, lett på tå, no då? ;)
Klatra er alle tiders, eg har gjort mykje av den slags. Det er vel gode to år sidan og i dag var eg i veggen att. Underleg nok klarte eg ikkje å klatra heilt opp, eg fekk visst den store innvendige skjelven. Men, men, me skal prøva att i neste veka. Opp skal eg.
Å leda, å gå på led, ja det må væra slik . Å leia, gå på lei. Nei nei nei.
Jenny
Ha ein hoppande god dag.
Du har rett i det du sei. Og eg e ikkje lei, nehei. I dag gikk det rette vei.
Til topps!
Post a Comment