Om å vera fri
Sidan 1. juli har eg vore arbeidslaus. I mange uker har eg ikkje visst kva eg skal gjera med livet mitt jobbmessig, samtidig som pengane har rent ut av kontoen. No er eg på den siste tusenlappen, og har vore det ei stund. Penga varer lengst i nord!
Eg har likavel ikkje vore spesielt bekymra. Fordi eg har visst at det kjem til å ordna seg. Men ikkje korleis det kom til å ordna seg. Derfor har eg vore spent og glad heilt sidan eg kom heim att til Vadsø.
Dei siste vekene har eg tatt veldig mange bilder, vore på telttur, passa hund, dratt på harrytur til Nuorgam, plukka molter og blåbær, laga syltetøy, vaska hus, vaska noen andre sitt hus, vore på festival, løfta tunge ting og blitt brun. Det har vore heilt fantastisk. At været har gitt jernet denne sista veko er heller ikkje feil. Å vera fri har vore godt og rett.
Godt fordi eg har vore arbeidslaus utan å kjenna meg unyttig, ubrukelig eller ute av stand til å bidra. Fordi eg ikkje har kjeda meg, men kosa meg meir enn eg kan huska å ha gjort nokon gong (med mogleg unntak av tida på barndommens rideleirar). Rett fordi eg våkner om morgonen og er sikker på at eg gjer det eg vil. Som av og til inneber å la vær å gjera det ein ikkje vil.
No har eg tatt fleire val. I morgon begynner eg i ein av mine nye jobbar, på fylkesbiblioteket sitt fotoarkiv. Det gler eg meg til. Og snart er eg instruktør på treningssenteret. Eg likar å vera fri, men eg er nok ikkje skapt til å gå og slenga. For det er jo det som hadde skjedd, før eller seinare, skal det fortsetta på den her måten...

1 comment:
Syns jeg hørtes veldig fint ut, både tiden som arbeidsløs, og de nye jobbene som venter :)
Post a Comment