4.9.11

Vadsø, vestland, vennar

Eksempel på venneaktivitet-Ingrid på bærtur.


Det eg saknar aller mest i Vadsø er vennar.

Nokre vennar har eg her. Eit par er riktig gode. Nokre har eg mista kontakten med, nokre har flytta, nokre er periodevennar som sig inn i livet mitt og så forsvinn litt igjen. Mykje fine folk.

Men eg saknar vennar.

Sjølvsagt dei vennane eg har, som ikkje er her, men på vestlandet (for det meste). Men eg saknar det å ha vennar her. Vennar eg kan ringa til uten å ha noe spesielt å fortella. Som eg kan snakka med. Bare væra med. Det er det som er vennar.

Eg saknar å henga.

Eg vert invitert i bursdagar, ikkje på kafe. På fest, ikkje sofasliting. Og eg elsker fest og bursdag! Men. Av og til treng eg berre å ha nokon å væra med, ikkje nødvendigvis å gjera noko. Av og til kjennes det som ein treng ein jævla grunn for å vera i lag med andre. Det er noe dritt.

Kvifor er det slik? Eg nektar å godta at eg er kjedelig eller upopulær, for slik er det ikkje.

Men eg gidder ikkje å anstrenga meg så mykje meir for å bli kjent med gud og kvermann lenger. No skal eg bruka tida mi på dei vennane eg faktisk har, for dei er fanden meg bra. Reisebudsjettet må aukast dramatisk.

2 comments:

maije said...

Det er vanskelig det der, å finne venner man bare kan "henge" med. Som man kan invitere eller bli invitert til på en søndag, og sitte med i joggebuksa og bare slappe av og skravle.

Ingerid said...

Det er det. Desto meir gull er dei få eg har. Eg har begynt å forstå at ganske mange mennesker aldri kan bli den typen vennar, så då foretrekker eg å verdsetta dei eg har i stedet for å stressa for å finna nye. Sjølv om det inneber å investera litt i reising.