6.1.08

Yukigassen

Ein japansk snøballkrigsport med eigen festival i Vardø. Detta skal eg ikkje gå glipp av!

I tillegg til snøballkastinga har dei ein eigen Yukidans- som kan sjåast på detta lærerike filmklippet, spelt inn på Vardøhus festning:



Så mine vennar: KEM ER MED???

Meir her.

4.1.08

fy satan

Foto: Herdis Moldøen

Alt som betyr noe skal visst jevnast med jorda der eg komme fra. Endå ein grunn til å ikkje flytta tilbake til Odda. Kem som eig det her bygget egentlig? Eg har alltid tenkt at det er kommunen. Siden det er malt så flott av ein lokal kunstnar på framsida, og ungdommar på austsida og står til pynt for heile byen, synst eg liksom at det tilhøyrer folk i Odda. Men der tok eg kanskje feil? Er det berre eg som lurar på kem eg kan halda ansvarleg, og leggja dei for hat?

HF-sak her.

1.1.08

Årsoppsummering

Meir kjem. In the meantime...
Eg har klipt meg, og ser ut som eit nyhetsanker.


Ingrid bøtte russisk sjampis på nyttårsaften.


1. nyttårsdag, litt uklar.


Minne frå Kirkenes sjukehus.

2007:
Eg har henta alle tingene mine i London, klipt meg, fått nye tenner, lappen, flytta til Finnmark og i løpet av tre månadar gått fra ein tilfeldig sommajobb som journalist til å la det bli yrket mitt.


Eg hadde tenkt å setta denna testen bak eit kutt, men har ikkje funne ut koss eg gjer det på blogger.
1. Hva gjorde du i 2007 som du aldri har gjort før?
Kjørte bil heilt aleina, melda flytting, fekk jobb, var på nasjonal radio

2. Holdt du nyttårsforsettene dine, og vil du fortsette å holde dem i 2008?
Gjorde vel egentlig det, for det var å fortsatt ikkje røyka og å trena litt meir.

3. Ble noen som står deg nær mor/far?
Ikkje veldig nære vennar fekk det. Men mye gifting.

4. Døde noen som står deg nær?
Nei... (ok, Jan Werner...)

5. Hvilke andre land enn Norge besøkte du?
Finland, Russland, England,

6. Hva ønsker du deg i 2008 som du ikke hadde/fikk i 2007?
Integritet.

7. Hvilken dato vil du huske best, og hvorfor?
6 november når eg smadra bilen.

8. Hva er det største du oppnådde?
lappen!!!

9. Hva er den største fiaskoen?
min synkande kunstnarkarriere

10. Har du vært syk eller skadet?
Ikkje på ordentlig siden i sommar...takka vera TRAN! Men eg blei litt rar i skallen av kræsjinga, så eg hadde litt sjukemelding.

11. Hva var det beste kjøpet ditt?
Treningsmatta, to Corolla-ar, ny linsa til kameraet, to porselenskroner til tenna.

12. Hva brukte du mest penger på?
Fast cars

13. Hva gjorde deg virkelig, virkelig, virkelig glad?
Nordlys, alkohol, Grand Prix.

14. Hvilke sanger vil for alltid minne deg om 2007?
Verka Serdutsjka sin Grand Prix-sang kanskje?

15. Sammenlignet med samme tidpunkt i fjor, er du …
* Lykkeligere eller ulykkeligere? same same
* Eldre eller klokere? Ja begge delar
* Tynnere eller tjukkere? Marginalt tynnare.
* Rikere eller fattigere? Fattigare, men med bedre utsikter for forbetring.

16. Hva gjorde du for lite av?
fjelltur

17. Hva gjorde du for mye av?
Isfolket-lesing, nett-fjolsing

18. Hvordan feiret du jul og nyttår?
Julaften: Heima i Odda med familien
Nyttår: I Vadsø, med venninner og bekjente. Var egentlig litt på jobb samtidig gitt.

19. Var du forelsket i 2007?
Sikkert.

20. Hva så du helst på TV?
Såg jo ikkje på TV nesten. Men Mummitrollet er alltid velkomment. Nyheter sikkert.

21. Hater du noen nå som du ikke hatet på denne tiden i fjor?
Nei, hatet er konsekvent og langvarig, bygd opp over fleire år.

22. Den beste boka du leste?
I år har eg lest ein del, men husker lite av det. Trur det må bli London av Tor Åge Bringsværd.

23. Hva var den største musikalske åpenbaringen?
Intrigue, sjølvsagt!!! Årets siste dag gjenoppdaga eg og Talking Heads og The Smiths.

24. Hva ønsket du deg - og fikk?
Ski og framandordbok.

25. Hva ønsket du deg - men fikk ikke?
Sauna.

26. Den beste filmen du så?
Ikkje Kill Buljo i alle fall.

27. Hvordan feiret du bursdagen din?
Drog på reportasjetur til kulturskulen si avslutning i Tana bru og julekonsert i Rustefjelbma, og kom tilbake til Vadsø for å få dårlig plassering i quizen på Opticom.

28. Hvilken enkelt ting ville ha gjort hele året mer tilfredsstillende totalt sett?
Cat spray fra og med 1. januar.

29. Hvordan skildrer du din egen klesstil i 2007?
Litt finare kanskje. Meir skjørt, ein tendens til å tenka på kossen eg kjem til å sjå ut. Større behov for å gli inn med omgivelsane.

30. Hva holdt forstanden oppe?
Oppe?

31. Hvilken kjendis likte du best?
Alle saman, men held ein knapp på Margit Sandemo, Gry Jannicke Jarlum og Paris Hilton.

32. Hvilken hendelse opprørte deg mest?
Mulig at det var oddingane sin manglande evne til å forstå kva som absolutt ikkje er godt for dei.

33. Hvem savnet du?
Dei fleste eg kjenner.

34. Hvem var den beste nye personen du ble kjent med?
Ingen enkeltperson skillar seg ut- har blitt kjent med mangen. Men HF-redaksjonen er alle gode kandidatar.

35. Hvilken nyttig erfaring har du gjort deg?
Det enkle er ofte det beste.

36. Sitér en sangtekst som oppsummerer året?
Now if ya gettin' in my car don't sit down right away  
Cause my passenger seat tilts sideaways

And don't even try to lean the shit back
The whole damn thang'll fall off the track

Stick your hand out, and signal for a right

My window's stuck plus I got a broken turn light

Naw I ain't dippin'! Sometimes I get a stuck brake

Got my rearview attached with some duct tape

Keep yo' knee right there!

I'm tryna keep that glove compartment closed playa!

The seatbelt don't work just tie it round your waist

If you crash through the window just cover your face

The radio gets one station on AM, it's Chinese

but if you listed you could catch what they sayin'

Stop complainin' -- I heard what you said

So what the seat spring poked you in the leg?

Didn't know it stabbed you, but what you stompin' fo'?
You finna put yo' foot through that hole in the flo'!

Now what you say - you gonna sue me?

Awwww, because the baby hurt his leg and got a booby?

Now your feelings hurt, you wanna get up out my shit

Cool motherfucker, here you go, get yo' kicks
You need to act a little older!
If you want that do' to open you gon' have to use yo' shoulder

Get the fuck up out fool, you lose - why?
My car is better than yo' shoes

The Coup/Cars and Shoes

28.12.07

stappakaka

Sånn kan ein kjenna seg etter å ha fungert som endestasjon for ei halv delfiakaka og tre kilo steik og masse øl og saus og pinnakjøtt og poteter og peanøtter og marsipan og vin og vodka.
Derfor blir det ekstra godt å tenka på at eg skal bli ein racer på ski så snart eg kjem opp at til Vadsø. For første gang skal eg få meg noko anna enn smørefrie ski, så det blir flott. Voksen no. Starting monday.

Her i Hardanger er vi så lokale patriotar at vi vurderar å gå på Tone Damli Aaberge-konsert, berre fordi ho spelar i Odda.

Har ellers kost meg med Bømlo-nytt sin tabbe og Mallorcablusen i jula.

Mål for 2008: komma seg

a) til Mehamn (Gamvik kommune, Øst-Finnmark)
b) ut av Europa (gjerne vha transsibisrken)

21.12.07

VINNAREN

Eg vant Mehamn-lotteriet! Eg kan velga mellom tre ryper x kilo røykelaks og x kilobær av ein sort eg ikkje huske! O heilag natt! Sjølbvsagt var det nr. 47 (samanlagt) som sikra premien.

Me har og vunne quiz'en på Opticom. For første og sikkert siste gang, men dog. Sterkt og vakkert.

19.12.07

vind

Sånn her var det i fjor.



Sånn e det ikkje no!!!!

Stormen Rita skal sveipa over Øst-Finnmark i kveld og natt, eg høyrer ho allerede. Det er meldt opp til 30 m/s på utsatte steder (ikkje Vadsø, men vi kan vel få sånn ca 25 ifølge varslet).

NRK seier: Sterk storm er nummeret før orkan og karakteriserer vindstyrker på 28,5-32,6 meter per sekund.

Ah, ekstremvær.

16.12.07

Juleglede

Har desverre lagt att Sterk Naken og Biltyvene- CDen heima i Odda. Ellers skulle eg høyrt på Juleglede veldig høgt og dansa alt skallebanken tillet. I stedet åpnar eg julekalenderen. Ifølge sikre kilder har ein minimal sjanse for å vinna i Røde Kors sin julekalender, så eg satsar på Vadsø Skiklubb sitt lotteri i stedet. Ski trengs nemlig sårt, om eg skal oppretthalda (eller kanskje innføra) mitt sportslige image.

Søndagsmiddag: Rødbrus og reinsdyrspølsa.

14.12.07

Tannfeen


Min tannfe er ein tyskar som heiter Jörg. Han har fått masse masse pengar og eg har fått normale tenner. Kem skulle trudd det? Har berre tatt seks år sidan eg tryna i trappa utanfor sagnomsuste Randall Lines student house i Wolverhampton, og pådro meg den mest langtekkelige og frustrerande føljetongen i mitt liv (kanskje med unntak av slanking, men MYE dyrare). Knekte fortenner førte til først og fremst smerte, deretter plastikk, mislykka rotfyllingar, betennelse, nye rotfyllingar, meir plastikk, polering, brune fortenner, blå fortenner, femten forskjellige tannlegar med ulike meiningar men med konsekvent stive prisar og eit stadig heftigare hestepreg på kjeftamentet har i mange år vært ein del av kvardagen. Så det var ei stor stund i går, då eg kunne smila heile vegen frå tannlegekontoret med permanente poselenskroner i rett farge. Jul, bursdag og navnedag på ein gang.

Og joda, eg tok bilde av dei nedslipte tenna. Det var mindre kvalmande enn eg huska, og tannlegen synst det var veldig vittig. Trur ikkje eg legg det ut her, for det kan verkeleg bli brukt mot meg.

Ellers: STORM. Og helg med tur til Nuorgam og Polmak.

11.12.07

førjulsgleder

Ingenting får tida til å gå som halvdårlig samvittighet for ting du ikkje rekk. Eg har mista oversikt over kor mykje eg har som tilhøyrer det stakkars biblioteket her i byen. Eg trur 3/4 av alt lausøyre i heimen er lånt lykke, og eg har ikkje ein gong lest/høyrt/sedd halvparten: minst tre bind av Isfolket, 10-ish CDar (frå Dimmu Borgir via Oddvar Torsheim til samisk julekveld), bilder frå Helsinki, bok om reindriftssamer, eit par skjønnlitterære, ordbøker og noke anna rask. Gjett ka eg har brukt mest tid på?




I motsetning til alle andre bibliotek, er dei her liksom glade for at du vil behalde bøkene så lenge som mogleg. Så purregebyr eksisterer ikkje, i følge sikre kilder. Eg har likevel som mål å levere tilbake minst halvparten av sakene før helga. Det er sikkert andre og som vil lese om Lucifers kjærleik.


Til helga blir det gavehandel i Polmak, flæsk og alkohyler i Nuorgam (Finland). Og på torsdag får eg nye tenner- o and she did praise the lord hallelujah! Skal se om eg tør ta bilde av meg sjøl i det midterste metamorfosestadiet- uten noe særlig tenner i det heila tatt. Det ser litt The Dentist ut. Blir dei perlekvite bra feirar eg med øl og sisteplass i torsdagsquizen, om ikkje blir det meir av oppbyggjelig litteratur heima i sofakroken.

2.12.07

Markeringar

No er det ikkje så lenge til eit par merkedagar. Neste veka blir eg ordentlig voksen. Bloggen feirar snart 100-innleggsjubileum (men det kan bli lenge til om eg fortsett i samme tempo). Så har vi jul og alt det inneber.
Bursdag har aldri vært det samma etter at eg slutta å kreppa håret. I år skal eg skaffa kaka sjøl, for det er tradisjon på min nye arbeidsplass.

I går var eg på brytestevne, det var ganske kjekt. Bryting er svære saker i Øst-Finnmark, fra fem år og oppover går dei laus på kvarandre i Vardø, Tana, Båtsfjord og Kirkenes. Men det er ikkje så brutalt som det høyrest ut. Kan aldri tru at fotball er noe bedre. Og så har ein på seg ganske artige drakter som ser litt ut som tekkelige badedrakter for kvinner på 50-talet.