20.2.08

hundeliv i Bergeby


15.2.08

På trynet inn i helga

Note to self: Skru på korken før du legg vannflasko i vesko.

Siden har det berre gått nedover.
Ganske langt ned faktisk, heilt til berre Tor Ulven kunne muntra meg opp. Tanken på infernalsk mollstemt poesivegg gjorde dei to siste timane på jobb levelige.

Men det store bygget med bøkene stenger visst ein time før på fredagar, så eg har ingen Ulven.


Når eg kom heim leste eg Gobbeli-oppslaget som bestevenn Erlend lagde for kanskje 15 år siden, og blei i bedre humør.

Gobbeli er forøvrig konge i kosedyrlandet, men samtidig superkjendis og stilikon. Litt Monaco.

11.2.08

Murmansk (vettu)




Det var stas!!!

8.2.08

brenn lille venn

I går fikk eg noko fint i posten. Brenn lille venn av Sterk Naken og Biltyvene, sendt fra ein av SNoBs medlemmer. Bakgrunnen for gåva er blogginnlegget om prosjektet eg lagde inspirert av songen Jeg var forelsket i en varulv fra Dyvekes bro. Det finst nok eit ord for når digitalverda grip inn i verkelegheita (eller omvendt), men det kan eg ikkje. Eg er berre fornøyd!


foto: Anniken Sandvik

1.2.08

det fødes


...ganske snart! Signe ligge på Haukeland og vente på at ting skal skje. Eg vert nok tanta i løpet av helga.


Andre ting eg vert i løpet av helga er full og glad.

Vi (Finnmark Journalistlag)arrangerar journalistkonferanse i Kirkenes i morgon, med m.a. tidlegare Moskvakorrespondent Arne Egil Tønset i debattpanelet. Eg er nesten fornøyd med alt eg har klart å få til, frå å bestilla fruktfat til konferansen til å få fira smartingar frå Norge og Russland til å stilla opp for oss for ei flaska vin. Eg gler meg til å læra meir om kva som rører seg på tvers av grensene.

Ellers har eg vore på opera og ski den her veko.

25.1.08

Wulfrun hall

Som nevnt i eit tidlegare innlegg om Wolverhampton, var det mange flotte konsertar å overværa i Wulfrun hall, eit par hundre meter frå huset vårt. Sjølv om eg var i Wolvo i tre år, kom eg meg berre på fira konsertar. Men dei var ganske minneverdige, alle saman.


Ein av dei fyrste eg kom meg på var Tori Amos, ein artist med mykje luft på stemmen som eg var litt meir glad i når eg var ein del yngre. Som alle artistar som har vore store, men ikkje er det lenger, eller som aldri blei veldig store i det heile teke, spelte ho konsert i Wolvo. No var dei fleste banda som spelte i Wolvo av typen Björn Again , så detta var kvalitativt forsvarleg.


Noko som kanskje ikkje var det, men desto bedre konsertoppleving, var godaste Erasure. For dei som ikkje har kjennnskap til detta flotte 80/90-tals homopop-bandet som herja Postens Sommerkassetter med hitar som Oh L'amour og Sometimes, har verkelig gått glipp av noko. Ein av dei siste kveldane i Wolvo før sommarferien etter 2. året, detta var store greier. Vi hadde med oss ein svær plakat der me hadde malt LOVE TO HATE YOU og eit stort hjarta. Ei dama spurte oss om me ikkje trudde dei kom til å spela den sangen uansett. Til slutt måtte me legga fra oss plakaten, for det var mange som synst den var stor ogskygga for utsikta og slettes ikkje høyrte heime på konsert. Eg har eit bilde i håvet om at alle i publikum var heterofile par i dongeriklær. Men vi hadde det i alle fall utrulig kjekt. Og dei spelte Love to hate you.


WASP neste. Desse slitne tungrockarane med Blackie i spissen er muligens representative for band som kanskje burde ha lagt opp for lenge sidan, men dei held ut for oss som set pris på blodharry musikk, naglar, motorsyklar og flammeshow på scena. Desverre leid sceneshowet under det faktum at dei har sunke i popularitet, derav mindre peng, slik at flammane var av...papp.



Siste og mest sannsynleg beste, var Nick Cave and the Bad Seeds. Dette var på turneen etter As I Sat Sadly by Her Side-albumet, derfor var det mye rolig pianoklimper, og ein Cave som såg ut til å ha det ganske så fint med både verda og seg sjølv. Noko motsett av det han er kjent for mao. Slik vert ein altså av å bu i Brighton. Heldigvis avslutta dei konserten med meisterverket Red Right Hand, der noko av den intensiteten og styrken i Cave sine konsertopptredenar kom til syne. Eg gløymer heller ikkje den vetle damo ved sidan av meg som heile tida gaula på black country-dialekta si: "Oi, Nick! Sing us a luvv (love) song, Nick!"

24.1.08

Leika på kaia

Kollega Line og meg saman med sjørøvarskuto vår.


Ein kort tur for å ta et portrettfoto blei ein tøysekjøretur i kraftig motvind, avslutta med posing foran Vadsøs severdighet no. 1.

22.1.08

inni gamperæva

Trukje du eg har klart å låsa meg ut av den fåkkings bilen. Reservenøklar har eg ikkje, men heldigvis hadde eg husnøklen i anorakken. Så er det berre å finna ein fugl av det lause slaget som kan dirka opp bilen for meg. Eg vert skuffa dersom ingen innanfor Finnmarkens fira veggar har den slags spisskompetanse.
Så eg er uten peng, telefon og dekkrem i alle fall til litt utpå dagen i måro.

Oppdatering på rævsprengt data: Opera er ti gangar verre enn Firefox, alle sider tar ca. et minutt å lasta. Hmmm. Snart begynner eg å bruka jobbdataen i stedet, detta er jo bare hemma.

20.1.08

sol


Sola kom tilbake (i den anledning får de eit kitsch panorama frå Vadsø 18. januar), men sidan har den berre glimra med sitt fråvær bak regn/snøtunge skyer. Finnmarksvinteren er hittil litt skuffande mht snømengde og temperatur, men eg håpar det betrar seg i tide slik at me får trent mykje snøballkasting til Yukigassen i april.

11.1.08

Ka er problemet når eg ikkje får sett MGP???

Av grunnar eg ikkje forstår, har eg eit nett som er så tregt at eg ikkje kan sjå nett-TV. Eller, det er kanskje andre grunnar?

Eg får sjå introen til Melodi Grand Prix, før heile greio stoppar. Sjølv om eg pausar nektar resten av filmen å "buffra" (det snåle ordet som eg ikkje veit ka er på norsk), slik at eg ikkje får sett meir enn det fyrste halve minuttet. Denne linken er eit typisk døme.

Signalstyrken for mottaket er på fullt, men eg veit ikkje kor raskt detta breibandet er i utgangspunktet (hybelverten sitt nett). Nordnorsk breiband skal liksom vera verdas raskaste. Nei så sanneleg var det ikkje det.

Likevel er det ting som tyder på at det ikkje er nettet det er noko gale med. Heile firefox bruker til tider ekstremt lang tid å reagera på museklikk eller tastetrykk, slik at det kan ta opptil eit minutt å søke på "Norsk filatelistforbund". Når eg skriv t.d. blogginnlegg heng det seg og opp.

Datoren min er ein Mac iBook G4 med operativsystem OS X versjon 10.3.3.9 med DDR 1, 25 GB. Oppdaterte minnet seinast i haust. Inga barnerumpe, men alvorlig talt, det burde vera tilstrekkelig for å sjå nett-TV...?