11.6.08

Utdrikking

Nøgd, I presume: Jorunn på Alvøen.


Jorunn og Håvard skal jo gifta seg, så litt plutselig for ei stund sidan vart eg påmint om at vi må arrangera utdrikningslag. Og heldigvis fekk eg vera med på det. Forlovar Jorunn BE er ein dyktig oragnisator som klarte å samla dei fleste av vennane om ein dato i tida eg var i Bergen.

I staden for "gul kylling med laks i rompo selge kondomar på torgalmenningen"- varianten, gjekk vi for ein meir intellektuelt stimulerande siste reis for den vordande brura.
Detaljane finn du hos damo sjøl.

Bileta finst på fotoalbumet mitt.

9.6.08

Sydentur

Det var fint med 25 grader og sol, utepils, g&t all afternoon og tilløp til solbrent hud på skuldrene, bad i sjø og klatring i fjell.

Først av alt er Ida hovudperson. Ho er veldig liten og ikkje fullt så knubben som mora var når ho var liten, men rund og blid sånn som babyar skal vera. Ho auka med sikkert 40% i dei to vekena eg var der. Ego har fått rollen som "Tante Gøy", og det er akkurat så fint som det høyrest ut. Vi er veldig tøffe ilag.


På ein litt slitsom og bakfull (for min del, grunna utdrekking) søndag fekk det lille gullet offisielt navn, og alle slektningane hennas fekk god mat etterpå. Jippi!


Eg kom forresten heim til ei datamaskin som har latt nevrosene sine slå ut i full faenblom mens eg var vekke, så eg klarar ikkje lasta opp bilder til bloggen. *irritabel oppkastlyd ut over tastaturet*

6.6.08

Litt vel mye fri

Det er noe som skurrar. Sola skin, svetten renn, men eg plagast av følelsen å vera totalt unyttig. Som Glamour seier, "it's OK to not have The Greates Time EVER when on holidays". Det er bra, for eg har ikkje den greiaste tida nokonsinne akkurat no. Som vanlig etter mange dagar utan veldig klare retningslinjer blir eg litt fortvila kjenner eg. Når eg begynner å impuls-piercing er det på tide å ta seg til noko.
Har vært på konsert, kino, grilltur, bada, bestege Løvstakken, blitt solbrent og lagt på meg. Alt ein god ferie skal inneholda. Det har vært stas, men det begynner å bli nok.

No er det ganske tight program fram til eg dreg på søndag. Tirsdag er det påan igjen i fylkeshovudstaden med alle dei gleder det inneber. Tjobing.

bilder kjem.

24.5.08

småskosjølmelding

Hin dagen fylte eg ut sjølmeldinga på rekordtid. Med det liflege oppverskot av 23450 kroner har Fotograf Jordal all grunn til å feira. Sjølv om eg ikkje eigde noe kraftverk i år heller.

No drar eg til Bergen og feirer, og blir vekke i to veker. Her skal eg mellom anna ha på meg småsko og sjå på verdas nusseligaste lille gullegull, som er niesa no. 1, Ida. Med meir.

Når eg komme tilbake igjen, er kanskje all snøen vekke.

hej då

20.5.08

Murmansk



Ny tur til øst, den her gangen på grunn av 17. mai og anna fjas. Eg forstår jo at eg må bu der, men det blir vel enno ei stund til. I mellomtida har eg mye sjampis, endå meir godteri, te, vodka og sure agurkar (som hadde litt slapp konsistens, men får bli i kylen litt til fordi dei ser så staselige ut).






Bildeserie fra 17. mai-markering finn du på finnmarken.no

1.5.08

Jordens bundne trell har ein framifrå IQ

Din IQ: 115-130
Du har åpenbart et talent for slike oppgaver. Kanskje du bør prøve deg på en av Mensas opptaksprøver?

Test her.


Trur aldri det har skjedd før at eg har fått bra resultat på ein IQ-test. Sikkert på grunn av gin & tonic'en, og ein slags innbitt kampvilje i anledning dagen. Hurra for 1. mai!

28.4.08

Sel og snart helg

Når det bare er mandag og eg er veldig klar for vekeslutt, er det gjerne eit teikn på at eg har vel mye pes. Heldigvis fekk eg i oppdrag å foreviga ein sel i dag, som satte eit fint perspektiv på tingene.Selen låg og velta seg på ei flytebrygga i Indrebyen, var fin og tjokk og ifølge deskmedarbeidar Geir hadde han akkurat samme skinnjakka som Bastesen.

Finnmarken meldar om at selen framleis kosar seg på flytebryggo (for han var sjølvsagt med i gårsdagens blad og).

Snart heimøve. Snart utepils. Snart mange raude datoar i kalenderen. Det er VÅR (i alle fall i fruktkompotten heima)!

13.4.08

Ingerid har vennar

...ganske mangen eigentlig. Og ein av dei ypparste kom på besøk forrige veka. Så i tre dagar har eg ledd og spist snop og drukke øl, gin & tonic og gått på på ski og brukt veldig mange flotte engelske ord (endelig noen som ler når eg seier bostin') sammen med Rikke. Eg er relativt stappa og fornøyd. Finskeflesketur blei det og- den tredje på lika mangen veker.

Ølkos (i plassen for bålkos) på Røde Kors-hytto.


Rein som sto og slang langs Havnegata.


Pils i solnedgang.

12.4.08

Glimt frå Sapmi

Tur til Inari/Enare i Nord-Finland med samiskkurset. Skjønte ikkje eit kvekk, men det gjør ikkje noe. Ein del av bildene er tatt med kamerafonen, og dei bleikje så aller værst synst eg.

Hotellbaren i Inari.


Ego er bimbo foran eit langt stadnamn mellom Utsjok og Inari. Betyr etelleranna-vatnet.


Eg er vinden, på suvenirsjapp i Utsjok.

Biblioteket i Ivalo.


Finske skogarna med badstu.


Flink elev utanfor det finske sametinget.


...og alle var einige om at det hadde vært ein fin tur.

31.3.08

alt som ikkje skjer i Vadsø

Vadsø, relativt stilleståande og tregt

Vadsø er ein sånn plass der eg av og til finn meg sjøl hoppande rundt i leiligheten i rein frustrasjon over at ingenting skjer, ingen film på kino, ingen drag queen show på baren, ingen vil finna på noe, og alt og alle er kjempe kjempe teite. Det er innmari synd på meg då. Omtrent som oppvekst i Odda, altså.

Men for et godt år siden var det omvendt. Før gikk verden alt for fort.

No går den eit hakk eller to treigare enn det eg likar. Det er litt vanskelig å få balansen heilt på plass når ein av natur er veldig utålmodig, og VIL ha alt NO (med utropstegn) men samtidig lett forvirra, og har problemer med å sjonglera mange tankar i håvet samtidig.

Men eg veit egentlig ka eg og mentalhelso foretrekker.

Dessuten er det ikkje så verst når ein tenker seg om. Eg fekk jo faktisk spela gitarhelt på laurdag (men gjorde ein slett figur på Number of the Beast), og dra på fleskeharrytur til Finland på søndag. (Sånn at eg kan sitta i sofaen, se Colombo og drikka finsk øl i dag. Patetisk, tenker du kanskje, men der tar du feil. Alkokonsum i einsemd er lika givande som å gå på kino aleina (nok ein upassande aktivitet for enslige unge kvinner (koffor er så mykje upassande egentlig givande?)).) Og neste helg kjem himmelen til Finnmark i form av den tidlegare omtala snøballkampen Yukigassen. Gjett om atte vi har lag: Innflytterlista er et faktum.

Men eg treng atter litt fjell og dalar snart veit eg. Det får eg og: om få minutt dreg eg til Begen, Odda, festspel og den nyslåtte nieso mi Ida allerede neste månad. Stormande jubel!