2.8.08
30.7.08
hotellrom



Sterkt og vakkert, med andre ord. Økonomi-romma på Polyarnie Zori er akkurat passelig russiske, men manglar ein irrgrønn blomsterkvast. Legg merke til gardinene (som hadde samme mønster som sengeteppet).
I dag skal eg laga Soljanka, ei russisk kjøttsuppa, som eg synst overgår borsj (rødbetsuppa), om ikkje på utseendet så i alle fall på smak.
29.7.08
murmansk opyat
21.7.08
Bosted: fjældet
Konfirmasjonslister for Lebesby, rundt 1850, på Berlevåg havnemuseum.
Konfrimant: Ole
Kjønn: m
Alder: 22
Bosted: Kobbevigen
Kunnskaper: I det Hele som den nærmest foregaaende Dog bemerkes, at han har noget ringere Evner og kunde som Følge ikke så ganske opnaa dennes færdigheter. Allereede før sin Confirmation havde han et uægte barn med en fra Tanen indflyttet letfærdig finnepige Gunnild Guttursdatter, hvem han imidlertid dagen etter sin Confirmation tog til Ægte. Under sit ophold ved sin Forberedelse til Confirmationen udviste han stedse et angergivent sind og et høist godmodig væsen.
Vaksine: Vaccineret ifølge Examinatus med. A. Stoltenbergs attest.
19.7.08
alle tinga dei la att, del tre
Ein triologi, altså. ( Tinga mor og far la att etter seg i leiligheita, sjå ellers del ein og del to)
Og vi har spart rosinen i pølsa til slutt: D-dagen 1944 og norsk innsats, ti kroner på fylkesbiblioteket. Ein titt og den var etterlatt for min forlystelse.
I tillegg har pappa skrudd til bordet mitt og fått meg til å kjøpa umbraconøkkel.
Då er det berre å takka og bukka, for både besøk og ting!
(dei prøvde og å gje meg ei fiskestang og ei sag for å saga opp ein torsk, men eg kjente meg litt overmanna og takka nei)
alle tinga dei la att, del to
(Ting foreldra mine la att etter seg i leiligheten. Sjå og: alle tinga dei la att, del ein)
På bildet av sykkelen ser vi noko skrammel i bakgrunnen. Det er dette:
Ikkje noko skrammel altså men ei fargerik bøya og ein stige, funne i Sandfjorden i Berlevåg. Litt maritimt nips å spica opp med.
Ein slags buskevekst fra havets bunn, dandert opp utafor døra mi.
To veldig fine steinar, trur dei kjem frå Hamningberg.
Endå fleire steinar, uviss bakgrunn. Såg ikkje at dei var der før i går.
Olja! Til sykkelen visstnok. Ikkje å forveksla med ein knallert på kvelden altså. Og koffor dei har med seg olja på ferie, det har eg ikkje svar på.
alle tinga dei la att, del ein
...som lova, her er etterlatenskaper galore. Mor og far har vore hos superungen i nesten ei veka, og det ber heimen preg av.
først fekk eg ein blåbærhentar. Litt usikker på om det er særlig blåbær her men om det er, så er eg klar.
Kaffikjele frå Røros. Legg merke til at begge desse gåvene oppmodar til villmarksliv. Anar vi eit mønster.
Blå-, jord- og tyttebærsylta. Det var egentlig fem glass men foreldra mine åt dei to andre mens dei var her (eg hjalp til!). Sjå for øvrig gåve nr. 1.
Raudvin.
så noko supergjevt: sykkel! Betalte mesteparten sjøl men fekk uvurderlig sponsing.
18.7.08
litt vondt inni

Akkurat no har eg litt vondt inni meg på ganske mange måtar. Reint fysisk har eg vondt i halsen og håvet, og litt i magen og ryggen. Ellers har eg vondt i magen på den andre måten, sånn som ein har vondt i magen når noe ikkje er heilt toppers. Den vondten går opp til brystet, lagar endå meir klump i halsen og framprovoserar til og med litt tårelating.
Men det var fint med besøk av mor og far. Snart skal eg laga innlegg med alle tingene dei voksne har lagt igjen. Ganske omfattande. Og snart etter det skal eg til Murmansk med mange fine mennesker.
7.7.08
gavedryss
Mamma og pappa kommer på besøk til gudlabadne på fredag, eller kanskje torsdag, kem veit. Dei køyrer rundt Røros-traktene i skrivande stund så får me sjå om dei tar ein Martin Schanche mot nord eller ei. Uansett har yndlingsungen åpenbart gjort godt inntrykk i heimen, for mamma seier at dei vil gje meg ein innflyttingspresang- eit år etter. No er eg ganske sikker på at eg allereie har fått presang, men mamma er nok ikkje på nett før helga, så eg kan trygt skriva det her og likavel innkassera.
Problemet er at eg ikkje veit ka eg ønsker meg. Eg har det aller viktigaste av møbler, koppar og kar. Klær og didd er oppdatert, kjøpte meg til og med støvlar i helga. Eg har sofa og bokhylla, lamper med skjerm og til og med ein vase til å puttta blomar i, så eg synst eg trygt kan smykka meg med ein møblert heim.
Derfor må eg pønska litt på ka eg skal ønska meg. I termen 'innflyttingspresang' ligg det jo at det skal vera noe fornuftig og praktisk, i alle fall ikkje rettetang og sånt.
Forslag?
Ellers: Fremdeles med etterdønningar etter Skiippagurrafestivalen i kroppen, vondt i biholene og litt frost i heile meg, men snart blir det bra igjen. Set i gang tiltak for holistisk sjøltrøst, både med og utan blandevatn.







