3.12.08

Darkside

No er tida for å utforske dei mørkare sidene ved livet!



Som eg tenkte. Men no har eg altså strikka som ein gal sidan sola gjekk ned i sør. Til no har eg strikka opp rundt femten garnnøster fordelt på to luer, to skjerf (det eine i gigantklassen) og ein hals. Eg er i stand til å strikka vrang, rett, glattstrikk og er på tampen av å mestra vrangbord til det fulle, og på toppen av det heile klarte eg detta her, fullstendig utan hjelp av ikkje-virtuelle kjelder:


Fira pinnar på ein gang! Å strikka med fira pinnar er egentli lett. Det VANSKELIGE er at når dei seier 'fira pinnar' betyr det egentlig fem. Det tok det ein del nattestimar og sørfing på meir eller mindre ubrukelige strikkesider før eg forsto. Eg vel å fokusera på at det vart ein fin hals, ikkje at det vart ein totalt ubrukeleg leggvarmar.

I dag fekk eg og førstehjelpsbok fra mamma:


Så no er spøtet med overalt, her er vi for eksempel på Bastøferja i helga:


Men det er ikkje alt. Eg har og blitt bitt av bolle-basillen, nei ikkje sånn som du trur men sånn som det her:
Til slutt presenterar eg fira heimelade produkter som skulle hatt ei kjøkkenmaskin for å bli til. Men her i Bietilæveien er det langt til byen med elektroforhandlarane i, så me gjorde det heile med gaffel og klem. Hummus, guacamole, falaflar og salsa!


Eg gir meg sjøl kjerringkudos!

18.11.08

Ta natta att

Eg blir lika sint kver gang eg hører om at kvinner blir overfalt eller voldtatt eller rana, og politiet "oppfordrer kvinner til å planlegge hjemveien". Vær forsiktig. For ellers blir du voldtatt, liksom.

Ka med å oppfordra folk til å slutta med å overfalla og voldta, for ellers blir du satt i fengsel.

11.11.08

Passer juleantrekket?

Fordi eg veier fira kilo meir enn det som er ideal, mottar eg nyhetsbrev fra Grete Roede på e-post. I det siste spør dei meg om juleantrekket mitt passer. For hvis det ikkje gjer det, har dei sjølvsagt løysinga. Dei har og løysinga på jula sine etterdønningar i januar, motstandskurs mot påskemarsipan, korleis gjere deigræva bikini-klar, how to be høstslank og få varmen med vintersprek. Før og etter høgtider intensiverer dei og setter visst inn all skyts for å fanga oss opp. Rundt raude dagar då feite damer blir feitare, og noia for familietreff, gjensyn med din eigen og andre sin tenåringsangst, skrekken for å få spørsmål om havarerande sivilstatus og nevroser under juletreet blir pakka godt inn og lindra av ribbesvor, marsipan og smør, då er Grete Roede der, og forteller meg at er neimen ikkje for seint å tyne ut nokon ekstra kilo før det brakar laus og at ROCKERING er årets julegave. Halleluja!

Til jul ønsker eg meg ein dass av delfiafett som eg kan eta opp og spy i samtidig. Best of begge verdenar.

9.11.08

Vadsø ditt nek

I dag drog eg til kinoen her i fylkeshovedstaden for å møta kjæresten min og se ein film. Filmen var annonsert til klokko seks, så eg kom klokko seks.

Når eg var liten kom eg alltid tidleg på kino. Resultatet var uslettelige sår på sjela etter å ha sett eit tresifra antall rundar med tyske tyggisreklamar til augene blødde, og ei sprengt blæra ein halvtime inn i filmen, som egentlig begynte førti minutt etter annonsert tid.

Sånn er det ikkje i Vadsø, for her må du komma presis. Klokko 18.01 var nemlig kinodøra lukka og låst. Eg fekk verken film eller deit. (Og ka lærar vi av det...?)

Mange hendelsar blir ekstra virkningsfulle når du er langt vekke heimafra og ikkje heilt har funne deg til rette i den nye heimen din. Ting som i høgste grad er irriterande blir direkte smertefulle, og får deg til å lengta til ganske mange andre plassar enn her du er. Og her i Vadsø er det sånn. Kver gang det skjer ein dum ting, tippar det over. Kver gang flyet er forsinka får eg gnagsår i magen og knutar i brystet.

Var det ikkje det eg visste at detta var eit satans helevteshøl utan like der alt går i dass uansett.

Pittelitt grunnholdning altså. Og når kinoen låser meg ute (eg kommer ikkje over det) når eg trur eg er ute i god tid, og ville vært det dei fleste andre stader eg har sett film, blir eg faktisk sint og sur, men litt merkelig nok også lei meg. Når eg er i ein permanent misfornøyd-modus fra før av seier det seg sjøl at det ikkje er plass til så mye meir gruff før det blir drama. Og magesår.

Imot-listo er lang den. Det er jo for-listo og. Men om du først begynner å laga for/imot-lister, er ikkje det eit sikkert teikn på at detta ikkje fungerer så veldig bra? Eller betyr det at du seriøst vurderar denna plassen?

Skummelt okke som.

6.11.08

Det er vinter!

Eg gjekk på ski i går. Ergo er det vinter! Bare se:

Nesseby, lørdag 1. november

26.10.08

Ka ho gjør på

Snø og vinter er på gang. Eg har lært meg å skifta dekk!


Så har eg vært i Alta og besøkt Bobbo-kiosken. Ifølge sikre kjelder hadde eg 'pessa mæ ut' om eg såg at det snopet på Bobbo-kiosken og det var nære på. Uansett eit sterkt møte med e-stoff.


Den her veko har eg vært på øya og tatt bilde av 90 sjuandeklassingar til Spitsbergen Airship museum. Det er då luftskipsmasta i Vadsø vi ser her.


No gler eg meg til jul. Snø. Veldig. Ønskelister?

7.10.08

Ny sprit



27.9.08

tidlig nesten

Fint å stå opp før ni på ein lørdag. Høra på Kamikaze Barne-TV mens eg drikka kaffi og blir kvitt litt dårlig samvittighet. Skriva opppgaver før aller siste frist er ikkje mi greia. Men når fristen er så nær som no blir eg litt sjøsjuk av å tenka på det.


I mellomtida har eg vært i London. :)



Meir på flickr!

7.9.08

Slettnes

Slettnes, Gamvik, Gamvik kommune, Nordkynhalvøya sånn ca. litt øst for midten av Finnmark.

Forblåst plass med eit fyr på, og visstnok mange sjeldne fuglar. Inne i bygda bur det ca. 120 menneske. Tre stader har skjenkebevilling.

Vakkert og spektakulært, men definitivt for spesielt interesserte. Noko som kan bety at dei få som faktisk bur her er litt meir dedikerte til buplassen enn dei som bur i for eksempel Vadsø.

1.9.08

Hurra for meg


I dag har gudlabadne budd eit år i Vadsø, Finnmark, langt satans oppi jokkmokkolainen, (faktisk veldig langt nord og aust for Jokkmokk).

Men det første møtet mitt med Finnmark var denna her isbjørnen utanfor hotellet i Neiden, når eg var på besøk til Ingrid sommaren for to år sidan. Lite har endra seg sidan då. Eg har slutta å vera tjokk og hotellet har havarert grunna regnskapssnusk, men bjørnen og laksen står standhaftige.



Høst: maling, klarvær, bil, tur, nytt, rart, vakkert, dalen, oransje, ensomt, spennande, austertana, reingjerdet, sandemo, vardø, kofter, valg, krabbar, redken extreme cat spray, metallic alit biila,

Vinter: kræsj, vatn, snø, mørke, redd, ski, lysløypa, tannglede, lotteri, musikk, julelys, rustefjelbma, ull, nordlys, bryting, juleskinka, vekter, fiskes biila,

Vår: snø, gjørma, murmansk, kulde, ski, ensomt, finsk, sjuk, forelska, sprit, nuorgam, bålkos, påskeskinka, skuter

Sommar: kald, tåka, lys, rar, fort, forvirra, båtsfjord, mypmack, whiskey, midnattsol, kaldt+jævlig, alkohol, sykkel


Konklusjon: Det er veldig rart her oppe. Men du blir litt hekta på rart. Ping!