1.11.09
26.10.09
Endelig litt snø!
I dag kom det snø. Og under snøen utanfor galleriet fant eg mellom anna masse ved. Fin og tidlegare tørr ved som noen, kanskje til og med eg, hadde glømt å bæra inn. Så no har eg bært ein god del ved, som eg fyrar ganske knallhardt med, mens eg gremmer meg litt over at eg har glømt nista i dag.
Her er forresten månedens slager på galleriet: reverefleks! På lørdag var det ei som kjøpte 12 stykker, det synst eg vitnar om ordentlig rev & refleks-entusiasme.
(du kan sjå fleire revar på heimesida vår)
9.10.09
Ti kvinnelege forfattarar
I gårsdagens Litterær salong på Litteratursymposiet snakka Selma Lønning Aarø og Agnes Ravatn om at dei hadde utfordra den mannlege sjåføren sin på veg til Odda å nemne ti utanlandske kvinnelege forfattarar- i løpet av 30 sekund. Han klarte det ikkje. Dei to klarte det heller ikkje.
Klarer du?
6.10.09
Haust er heim
No skal eg ut på tur igjen. Til Odda! Denna helga samlar heile verden seg i Odda, og ein vil jo ikkje vera dårlegare enn resten, så Gudlabadne hiv seg på flyet i måro for å besøka familie og forfattarar.
I løpet av tre uker har det skjedd ekstremt mye jobbmessig, med festival, utstillingsåpning, konsert, gjøring av ting eg ikkje kan og neglebiting til blods. No er det over (men du kan enno se utstillingen).
Nesten alt løvet er vekke frå trea, frosten har kome og no er sommardekka pakka inn i bua. Vi treng meir ved. Vadsøværingane er klare for vinter, men eg tar med meg detta siste lille halmstrået av haust i Hardanger før eg går i hi og to strømpebukser, og finn fram filten for juleverksted.
16.9.09
uber alles
Sjå der! Då vert det kunstnarbustad i Berlin på meg til vaoren ein gong.
(om du klikkar linken: det er ikkje bustaden for bergensarane eg skal vera i, men ein nesten identisk i same hus, øyremerka for hardingar)
8.9.09
Galleri galge
I dag har dagleg leiar på Galleri Galge endelig fått den proffe e-posten til å verka. Og jaggu klarte ho ikkje å få laga eit deilig rosa skilt og! Forunderleg nok var detta dagen då ho sjøl hadde rosa klær på seg. At rosa og rødt ikkje passar noko særlig sammen var det ingen som nokonsinne tenkte på når dei såg det flotte skiltet, hverken før eller siden.
Galleri Galge: fordi galleriet ligg på/rett ved siden av Galgebakken i Vadsø. Ifølge Statsbygg er kirka og Statens hus plassert på kvar sin ende av Galgebakken, for å symbolisera den profane og den sakrale makta. Vi ligg lika bak den profane.
Sånn ellers heiter vi I galleri og har fått oss heimesida.
1.9.09
No bryt eg eit løfte om gnæging
Eg lovte meg sjøl at eg aldri skulle gnæga på alt det der som er så fryyyktelig her oppi gokk (heimen min), sånn som været, frukt og grønt-disken, mangelen på hipt og urbant, og flyprisane.
No klagar eg på flyprisane. Eg SYT om flyprisane. Følg med.
For fira dagar siden (fredag trur eg) søkte eg på flybillettar heim i oktober. Å hallelujah dei var billige. 2400 tur-retur, bestill i vei, men nei, ikkje noke kort å bestilla med (forvant på mystisk vis veko før). På mandag var kortet komt og eg skal bestilla den fine billige flyturen min, bare for å oppdaga at den har auka med omtrent 100% sidan fredag. No koster den 4400. Etter mye grynt og hves prøver eg å bestilla eit par gangar, men kver gang får eg opp melding om at maskina ikkje klarer å rekna saman prisane for turen og returen. Til slutt skjer det noe krøll og eg bestiller feil tidspunkt. Så er det å ringa til Widerøe og sutra, ingen sympati å få der men ein beskjed om at joda ho kan sjølvsagt endre til det tidspunktet eg skulle ha, men det blir dyrare.
Dyrare enn 4400?
Ja, no har den auka til 4900. På sju minutt.
Spørsmål: Koffor er det sånn at bussbilletten kostar det samme uansett, mens flybillettar blir heva og senka litt sånn etter torturtradisjonen med kokande olja?
SISTE: Eg var utro med Norwegian, og fekk reisa på til saman 2646 kronor. Nøgd no.
25.8.09
Usagt
Når ting gjør vondt så hjelper det å si dei høgt. Eg har stor tru på den kuren. Men av og til så får eg ikkje til det heller. Eg åpnar eit lokk med noe ekkelt og stinkande i men som eg ikkje klarer å tømma ut. Det bare drypper litt ekkel gugge utover meg og alt eg tar i. Så går ein bare der og lukter vondt.
Men ignorance is bliss.
Kanskje eg skal ønska meg ein ponni til jul?
20.8.09
Ein ny verden
Eg har fått meg ein ny verden dei siste dagane. For første gang på veldig lenge er eg med og tar avgjørelsar, av og til heilt aleina. For første gang på veldig lenge har eg ansvar. For første gang på lenge kan eg gjøra akkurat det eg meiner er rett.
Eg trur pittesmåe bedrifter i det private næringsliv er skapt for meg. Om eg meiner det samme etter lenger enn fira dagar på jobb er usikkert, men akkurat no har eg det i alle fall fint.
HER BUR VI!
12.8.09
Vi blomstrar

Huset er enno kaos, og eg har ikkje vaska klær på veldig lenge, men eg trur eg kan gi "sambuarskap med eige hus (og katt)" terningkast masse. Sjølv om Øyvind (katten) har lært seg korleis han kan opna soveromsdøra sjøl og komma opp i senga og spør om mat midt på natta, er det ei behagelig tilvære. Eg likar at noen er heima.
Men sjøl om innomhus er litt i limbo, må vi ikkje glømma hagen. Eller, eg glømmer jo hagen, men får heldigvis hjelp av han med bedre husk.
Så no skal vi velga vekster. Tviler på at våre blir lika fine som Vadsø hageselskap sine, som er avbilda her, men ein kan jo alltids prøva.



Dei som vil sjå fleire blomar kan gå på Skogsholmjordet, men fort, for dei heng allereie med nebbet.





