29.3.09

Heim fra Vardø


Finst det eit begrep for "snø som bles over vegen som eit brureslør"?

15.3.09

aleinasøndag

Ut på tur.







I Vadsø brukar eg mykje tid aleina, og på å finna på ting eg kan gjera då. I dag fant eg ein ti år gammal ubrukt film til kameraet, drog ut til Skallneset med glasskåla, fotograferte og hørte på bølger.

Ka gjør du når du er aleina og planlaus?

14.3.09

jakta på film



Det blir bare ikkje heilt det samma med Nokia som med Hasselblad altså.

11.3.09

Over Tana

Visuell dag.

Først finn ein ti meters spermkval siste kvile i fjæra utfor Vadsø.

Så får eg fly helikopter over Tanadalen:




Av og til er det bare moro.

8.3.09

Kvinne med kuppelhue


Gratulerar med dagen!


Som skulle gå til produktivitet, planlegging, sosialisering, lykke, bli-ferdig, men som i stedet begynte klokko 15 og gjorde for det meste vondt. Eg veit sannelig ikkje koffor eg bestemte meg for å bælma innpå til eg blei sveiseblind, for når eg endelig oppnådde målet mitt fikk eg fullstendig panikk og stakk. Men eg rømte åstedet og slapp derfor unna med kuppelhue uten angst.

Dagen er bedre no. Eg har strikka ferdig ein raud sokk med lang sånn som ikkje er foten men rundt ankelen (ka heiter det?) og klarar heilt fint å stå oppreist. Hørt lydbok, mata katt og grugleda meg til morgondagen.

Tenkt at det er lenge siden eg har hatt virkelig lyst til noe. Så lyst at eg gjør det sjøl om det kanskje gjør litt vondt, eller er slitsomt, eller tar tid og er flaut og dumt.

I løpet av det siste året har eg gjort mindre og mindre av det som inneber risiko. Eg trur det siste knalltøffe eg gjorde var å flytta til Vadsø, relativt på måfå. Men ka er igjen no då? Stå han av?


Det som er fint med å ikkje satsa er at det gjør ingenting.
Det som er dumt med det er at då skjer det heller ingenting.

Og akkurat i dag er det bare fint.

Men blir det ikkje snart kjedelig å vera denna bedagelige personen?

Kanskje i år blir året eg blir meg sjøl igjen?


Her er forresten eit ganske så photoshoppa bilde av den nye hårfargen min- as requested.

23.2.09

Husmorføtter

Sokk til venstre har eg laga, sokk til høgre har Lars laga. Merk at detta er min tredje sokk, mens det er hans først. Eg har litt slakare læringskurve, med andre ord.

(Rotar med høgre og venstre gjer eg og, for ordens skyld: eg har laga den GRÅ)

17.2.09

tabbe


Av dei mindre, men lika fullt ein av dei. Peng kosta det og.

Mira Craig, seier Erlend. Njaaaaaa....

11.2.09

Sånn


...kan ein og ha det på jobb. Men det ser jo ikkje akkurat ut som eg set pris på min eksotiske kvardag der eg står.

1.2.09

Mangel på mål & meining

I ungdommen var eg sikker. Eg skulle bli kunstnar.

Gå på formgiving på Voss, gå vidare på universitet og så bare plutselig vera kunstnar etterpå.

Problemet er at undervisning handlar om ideal, ikkje virkeligheten. Det handlar i svært forsiktige ordelag om bongo bongo lala-land oklahoma.

Når vi sitter der på universitetet og pønsker ut diverse innfallsvinklar til høgtsvevande fotoprosjekter basert på homofile franske filosofars essays fra 50-60- talet, er det ingen som forteller oss at du må faktisk forbereda deg på å jobba for 300 kroner dagen på Snappy Snaps fotosjapp etter at du er ferdig her. Om du får jobb der då vel og merka.

Snappy Snaps i Clapham. Eg naska bildet frå Flickr.

Koffor? Jo for det er verkelig ikkje noko behov for det du driv med. Bortsett frå å halda meg i arbeid (åh gud eg hatar studentar).
Kossen går det an? Nei det her blir litt vel banalt synst du ikkje? Forklar meg heller korleis desse bileta alluderar til Jaques Lacan sin speglteori.

Det er litt trist med utdanningar som innrømmer at joda neida detta kjem du nok ingen veg med. Endå tristare er at vi tenkte strengt tatt meir på å gjera kunstnen vår mest mulig utilgjengelig for uinnvidde, enn å overleva post uni.

Som eg las i avisa her om dagen tilhøyrer eg Y-generasjonen, som slit med alt for høge forventningar og nektar å ta til takke med å starta på botnen i karrierestiga. Vi forventer å bli sjef med ein gong, fordi vi trur vi er så innmari gode.

Og det er vi jo. :)

Men er det ikkje ein grunn til at vi trur det? Har ikkje vi blitt fora med ganske mange forventningar og positive utsikter, framfor realitetar og handfaste, matnyttige vegar til å lukkast? Eg har opplevd det sånn.

No har eg blitt stor, og innsett eit par ting og svelgt ein del kamelar og komt ut på den andre sido som noen som akkurat no slett ikkje har lyst til noe som helst.

Som tyder på at eg er ein reindyrka representant for Y-generasjonen, som i tillegg til ikkje å innfinna seg med å bli brukt som dasspapir etter å ha studert i ti år, ikkje tåler særlig mykje motgang.

Det trivst eg ganske fint med. Er jo uansett innmari god.

21.1.09

Fairy story