24.10.06

Skjeggedal



Detta er alt eg kan finna på nett som er avbildingar av den eldste vegen frå Tyssedal til Skjeggedal, Sjoarvegen. Det finst fleire bilete, som det er litt meir folk på, som står og poserer på eit eller anna panoramavenleg parti av vegen, som ellers var veldig vanskelig og farleg å gå. Inntil 1904 då den nye ridevegen på sørsida av elva stod ferdig, var dette den einaste vegen til Skjeggedal, som både gardsfolk og turistar måtte nytta (turistane kom langt for å sjå Tyssestrengane og Ringedalsfossen, som var attraksjon nummer ein i distriktet på den tida).



Sjøl har eg vert på nokre få parti av vegen, mellom anna omtrent der bilete nr 2 er teke. Vegen er nokre stader heilt forsvunne og andre igjen lite gjestmild. Rett før tunnelen på den noverande vegen kan du på venstre side kravla deg opp nokre steg som er slått inni steinen og komme opp på ei glenne. Fra der kan du gå eit godt stykke nerøve mot Tyssedal på Sjoarvegen, og nogle av partiene er direkte smukke at skue.


Men det er altså på denne vegen eg skal prøve å gjenskape nokre av dei gamle bileta eg har sett. Med samtidige modellar, vel og merke. Det er sikkert mangen av dåkke som har sett det gamle prosjektet mitt om vampyren i Odda, og eg tenker dette vert ikkje heilt ulikt, berre litt meir kitsch og farger. Begge går uansett ut på å plassera figurar og objekt utanfrå inn i eit eksisterande miljø. Og det kan jo bli litt kjekt.




Dei to fyrste bileta er henta frå Knud Knudsen-samlinga på Universitetsbiblioteket i Bergen.

No comments: