Framtida (den nære)
Juli-utgåva av Cosmo (UK) seier at eg ikkje må ta ny jobb eller slutte i jobb rundt den 2. september. Det er jo akkurat det eg kanskje skal! Flaut nok blei eg litt bekymra, ikkje fordi at eg trudde på horoskopet, men fordi eg følte det litt som om Cosmo overvåka meg og prøver å påverke avgjerelsane mine. Kor skummelt er ikkje det?
Vil og benytte bloggen som alle les til å takke alle dei som IKKJE deltok i Landslaget for Lokalaviser sin sommarkonkurranse veke 27. Takk! De hjalp meg å vinna! (ja eg vant!)
Kan eg, kan du og: http://www.lla.no/tekstsider.cfm?id=30695&aid=135479

3 comments:
Grattis! Visste ikke eingong at det var noko som heita landsforeininga for lokalaviser...
Lærte noko nytt der gitt
Signe
Gratulera med nok ein gong å ha fått fullt namn på nett. Googlar du "Fornamn Etternamn" på deg, kjem det opp 627 treff. Det er 26 gongar meir enn eg får med mitt for- og etternamn i tødlar...
Eg likar å vera litt anonym ;-)
Jo takk! Men mange av dei treffa kunne eg godt vore foruten...(tyske aksjonistar mot kinesiske kattunger på flasker verka så sannsynleg på slutten av nittitalet).
Post a Comment