London, Fedon
I dag har eg bestilt flybillettar til London. Endelig endelig endelig, etter halvanna år med å sende tekstmeldingar om at eg komme any time now, og just have to wait for that payment to come through og så vidare, har eg no ein konkret og hovudsakeleg betalt plan om å dra frå Odda og ankomma ein rotete liten leilighet i Hackney den 26 august! Bliss. Gler meg til å sjå att folk og stader, og sjølvsagt: eg har mykje ushoppa.
Eg har to bøker av Fedon Lindberg liggande på skrivebordet, som eg har lest og funne, om enn litt usmidig skrive så ganske fornuftige. Det som eg synst er festlig, er måten denna fyren markedsførar seg på. Vi har alle sett minst eit bilde av han, og slik ser han ut på alle bilete. Knallblid og veldig sikker på seg sjøl-smil. På baksio av den eine boka har han det sedvanlige smilet som minnar meg litt om uttrykket til Paris Hilton. Og så har han ei stripete skjorta. Og så har han eit flamingo-slips. Og så har han slengt på seg legefrakken utanpå dette, for å sjå seriøs ut.
Det er egentlig ein god del som lese denna bloggen (store mørketall), men det er ingen som kommentere. Eg lure på om eg skrive om udebatterbare tema, eller om alle mine lesarar er analfabetar.

2 comments:
Eg får bli den første som melder meg som fast mørketalslesar (via google reader). Når det gjeld kommentering, så er det så vanskeleg med alle desse bokstavane. Nei, eg er vel ikkje av dei som skriv det ned kvar gong eg humrar av noko, men det gjer eg.
Me er nok analfabetar. -Hilde-
Post a Comment