28.1.10

TØFFE MEG!

I dag har eg vært tøff. Gjort noe eg aldri trudde eg skulle makta å gjennomføra. Trossa angst beven og ISSUES til fordel for mitt eige velvære.

I dag, kjære lesar, har eg vist meg offentlig med ei kondombuksa. Det vil si ein av dei treningsbuksene som sitter sugd på kroppen din, og avdekker kvar minste detalj om hud, musulatur, beinbygning, fettprosent og appelsinhud. Hvis ein ser godt etter kan ein sikkert tella kjønnshår.

Omtrent sånn som det her:


Og gjett ka? Ingenting skjedde!
Ingen stirra vantro, ingen lo, ingen brydde seg.
Jo, ein ting skjedde: eg hadde bedre bevegelsesfrihet, og slapp å dra i buksa annakvart minutt fordi den var på vei ned.

Alle som har vore på treningssenter veit at dei aller fleste, i alle fall jenter, går med denna typen bukser. Så kva er den bigge dealen?

JO:Dåkke som har sett meg i levande live, veit at eg hakje akkurat sånne bein som ho som stod og modellerte her.
Mine bein er (ifølge mitt eige kritiske blikk) ein fin blanding av kalvbeinthet, ridebukselår og kanonknær, med noen kilo for mye. Med påfølgande dårlige sjølvbilde har eg vært ganske flink til å føla meg fæl opp gjennom åra. Ikkje minst på treningssenter med andre mennesker i, som alle (trur eg) eg besatt av kropp og utseende og mønstrar kvarandre med kritisk blikk.

Derfor har eg mange gangar lovt meg sjøl at eg aldri aldri skal komma nær bukser av detta slaget. At eg aldri skal utsetta noen for det synet- eller meg sjøl for skammen. Ei heller skal eg gå i korte skjørt eller bukser som går inn i beina, leggings eller treggings eller whatnot...

Etter i alle fall to-tre år som samanhengande trenande menneske har eg framleis den samme pæreforma kroppen, men eg har ikkje heilt den samme innstillinga. Eg har begynt å bli DRIT LEI av posebukser som kun sitter på meg fordi dei skjuler meg. Bukser som slenger rundt anklane og er i veien. Tunge svære bomullsbukser som blir tyngre og tyngre synonymt med aukande svette (varme er dei og!). Dei passar gjerne dårlig, og er som regel så lave i livet at å ta skikkelig knebøy er synonymt med å flekka ræv til treningskameratane dine.

Konklusjon: eg går med klær som hindrar meg i å trena skikkelig.
Kvifor? Fordi eg er litt teit. Eller kanskje litt feig. Det er ikkje så viktig.

No har eg uansett bestemt meg for å behandla meg sjøl litt bedre. Og gi litt meir faen. Så blæ så.

9 comments:

Jorunn said...

Daikon legs?

Eg var på dametrim på onsdag, på Djønno Grendahus aka gamleskulen, og det får eg svi for i dag. Eg vurderte å ikkje pussa tenna på morgonen fordi eg då måtte gå opp og ned trappa att.

Ingerid said...

Finst det et navn for det og? Ja sjølvsagt. Huff!

Eller betyr det noe bra? Når eg googla kom det opp masse bilder av fine dameleggar, gjerne asiatiske.

Forklar nu Jorunn. Om du orker å løfta fingrane over tastaturet. :D

Jorunn said...

Daikon er japansk for ein grønnsak som ser litt ut som ein reddik, men den er avlang. Daikon legs er eit kallenamn på litt lubne bein utan særleg markerte knær. Det er visstnok ei kåring av Miss Daikon legs trur eg.

På Nettserier er det ein teikneserie som heiter Hallo Muffin, og der er det ei som har pærekropp (ingen skuldre men masse hofter), og ein japansk samurai vert forelska i ho, "kvinne som er formet som en daikon".

Jorunn said...

Her er stripa der han erklærer sin kjærleik:

http://nettserier.no/hellomuffin/2009/11/04/

Ingerid said...

Ja, eg fant litt ut av det, men der eg las stod det at det betydde bein som hadde veldig store anklar og leggar i forhold til resten av beinet, og det var visst veldig vanlig i japan. Jawohl.
Det er altså ikkje meg. Knærna mine er for øvrig veldig markerte- bare feil vei liksom. :)

Har du link?

Jorunn said...

Link...til kva?

Anyways, her er ei med daikon legs! Og ein fantastisk bra blogg! :p

http://mariehh.blogspot.com/

Ingerid said...

til den der stripo. Såg no at du posta den omtrent samtidig som eg spurte.

Ingerid said...

Og den der bloggen var jo bare heilt KOKO! Og veldig morsom!

Marie said...
This comment has been removed by the author.