Snart haima
Då er det dagen før dagen før heimreise. I morgon skal eg sjaina leiligheten, pakka, fortvila over alt som ikkje får plass, skaffa meg ein koffert til og pakka oppi den og, samt eta opp alt eg finn i kjøleskapet. Etter å ha sjekka sistnevnte tar eg det tilbake, siden eg ikkje liker øl med sennep og appelsinmarmelade.
Mykje gjevt har eg fått vera med på i løpet av desse vekene. Nokre få ting har eg blogga om allereie, som Frauenlauf, bunkers, dunkelrestaurant og malt frukt.
Her er nokre fleire ting:
Grand Prix-finalen på Barbie Bar i Kreuzberg var stor stas. Tysk siger var populært (sjøl om nummeret med dei glitrande sommarfuglvingene fekk mest liv i publikum)!
Minst femten forskjellige typar hüttenkäse. Hytteost ekje bare cottage cheese nei.
Mauerpark, der du kan synga karaoke, drikka smoothie eller koffor ikkje kjøpa med deg noen ukjente, mest sannsynligvis avdøde mennesker sine private fotoalbum for noen cent??? Eventuelt Derrick-skjorter.
Sushi train, som Maryanne kalte det. Sushi kom kjem flytande forbi deg på ein liten båt. Vær kjapp eller vær sulten.
Brunch på Morgenland. Farlig. Men du slepp i alle fall å tenka meir på å fora kroppen den dagen.
Sykkelen. Ein tidelgare gjestekunstnar har satt att ein sykkel som er super. Med korg, ein brems og opptil fleire gir, men samtidig så grim og rusten at ingen vil stela den. Perfekt! Har frakta meg langt og lenger enn langt og alltid tilbake igjen.
Svulstig sex og vold på Komische Oper si oppsetjing av Die Entführung aus dem Serail, som visstnok betyr forførelsen i Serail.
Blue Man Group, egentlig bare heilt snålt. Forstår framleis ingenting av det showet men eg lo så eg grein på slutten då vi vart neddynka med hundremeters lange papirstrimler. Og så griste dei noko fryktelig med maling.
...og tusen andre ting.
No gler meg til å komma heim til Vadsø. Saknar gutane mine, Lars og Øyvind. Saknar jobben min på krimskramseriet kunst & kaos, og er veldig klar for vakre Varanger i midnattssol.

No comments:
Post a Comment