Lys i ishusan
I helga var eg i Hammerfest og såg på åpning av installasjonen Still Life: eit fråflytta gjenreisningshus som har blitt murt inne i is. Huset står i Hanselv i Kvalsund kommune, ein knapp halvtime (på vinterveg) frå Hammerfest.
Mange folk har jobba hardt og lenge med å få detta til, og det er ein imponerande arbeid dei har gjort. No skal huset stå der opplyst medan isen smeltar utover våren. Hensikten med og tankane bak prosjektet kan du og lesa om på linken over, men har du sjansen bør du heller ta deg turen og sjå, det ser verkeleg bra ut. I tillegg er det utstillingar på gjenreisingsmuseet som er tilknytta installasjonen i Hanselv.
Prosjektet var støtta av Kunst i Offentlig rom, og kunstnarmiljøet i Bergen og på Voss var sterkt representerte. Som på alle andre småplassar, min opprinnelige inkludert, er det ein tendens at innbyggjarane misliker at folk utanfrå kjem og skal gjera noko, meina noko om eins eigen stad. På meg verka det som dei hammerfestværingane eg møtte var glade for det som skjedde og synst det var spanande. At det som skjedde tilpassa seg dei, og ikkje var fjernt og lausrive frå historien deira. Eksempler på det siste er det mange av, men her håpar og trur eg kunstnarane lukkast i å nå fram med kunsten sin. At han som stod bak prosjektet opprinneleg kjem frå Hammefest har sikkert noko å seia, men ein må og vera ganske dyktig for å få til eit slikt sværa prosjekt, på lag med folk der det skal skje.
Huset inne i isen vart veldig flott og eg håper mange får glede av detta verket som er så godt, først fordi det er så rart. Og aller best er det uten så alt for mykje tekst lest på forhånd, kanskje nokre stikkord kan hjelpa, som "gjenreisning", "sjøsamisk" og "fornorsking", men ishuset treng absolutt ikkje forklarast i hjel. Det står jo der og ser ikkje ut som noko anna du har sett. Då kanskje stoppar du og ser litt nærmare på det. Gjør du det, tenker du kanskje nokre tankar. Ein opplevelse får du i alle fall.
Hammerfest er ein fin plass, eg likar husene og at sentrum er stappa saman mellom knausane. Ica har økologisk peanøttsmør og eg har fått bli med i Isbjørnklubben. Ordføraren spanderte livsvarig medlemsskap på oss, det var kjekke saker.

2 comments:
Selvfølgelig spanderte ordføreren. Er jo tjukke slekta. Vi er hyggelige.
Visst er dåkke det! Det var ein veldig artig gest og det trur eg alle som kom, syntes. Bidrar nok positivt til det vestlandske kunstmiljøet si oppfatning av herlige Hammerfest. Vent og sjå!
Post a Comment