3.2.11

Og ka lære vi av detta???

Årets opplæring: Tegnekurs, skikurs, klatrekurs, grafikkurs, malekurs, nok eit grafikkurs og noen nusselige studiepoeng innan kunsthistorie. Meir kjem, trur eg.

Så langt har eg lært at det er lurt å bruka viskelær når ein teiknar, at eg har et enormt potensiale på skiteknikk og at ansgetn for klatring blir litt mindre for kvar gong eg er oppe i veggen og faktisk ikkje dør (rart!!). Dessuten er det kjekt å detta, for det er litt som å væra på Tusenfryd. Eg slepp alt eg klamra meg så febrilsk til og er i fritt fall. Wiiiiiiii, liksom. Før selen fangar meg opp og eg bare heng og svever litt. I noen sekunder er det akkurat som om eg er lett som ei fjær og ikkje tung som ei Ingerid.

Det er ein veldig fin følelse som eg skal kjenna på igjen i dag, og som eg trur eg kan bli fullstendig avhengig av.

3 comments:

Jorunn said...

Kor fekk du dei studiepoenga frå? Eg manglar 15 poeng på 200-nivå for å søkja om å få godkjent bachelor i kunsthistorie.

Ingerid said...

Har ikkje fått dei, men får dei forhåpentligvis frå Universitetet i Bergen, nettstudier.
Du kan vel søka på det emnet du evt. mangler?

http://www.uib.no/utdanning/evu/evutilbud/kunsthistorie

Jorunn said...

Der var det berre emner på 100-nivå, dei har eg frå før av. Eg manglar forsåvidt ikkje noko spesielt emne, berre 15 poeng.