Indoor Ingerid
Kvar torsdag kveld tar eg på meg svarte, trange tights. Eg går eg ned i eit lokale med dempa belysning, skrur på høg musikk, og pustar og pesar inn i ein mikrofon. Mot betaling.
Eg snakkar om INDOOR WALKING, som eg har blitt instruktør for, på Vadsø treningssenter. For ordens skyld: eg har litt meir klær på meg enn ho damo i videoen, og gauler ikkje så mykje, men du skjønner ka det går ut på. Ein form for gruppetrening til musikk der alle brukar kvar si ellipsemaskin, og prøver etter beste evne å gjera det instruktøren seier.
Om du tenker at "indoor walking" høres teit ut så er eg ikkje heilt ueinig i det. Det høres litt teit ut. Å gå innendørs er ikkje eit veldig godt (eller spennande) uttrykk, men sjølve treningsforma er langt betre enn sitt navn. I motsetning til for eksempel spinning, brukar du heile kroppen, og for slike som meg, som får vondt i ryggen av å sitta krøkt over ein spinningsykkel, er det ein treningsform som ikkje belastar utsatte kroppselar. Men er indoor walking noko betre enn outdoor walking då? Spørst litt ka du er ute etter. Fuglekvitter og sol får du ikkje, men du får trim i eit forutsigbart klima. Det er eit poeng her i Finnmarka når det begynner å bli haust. Er du ute etter å trena, men ikkje så gira på stiv kuling, snøfokk og stupmørke ute på vidda, ja då synes eg detta er gode greier. Er du derimot gira på nordlys og sånt veit du kor du ikkje skal (men vi har diskolys i salen altså). Dessuten gjør du jo litt meir enn å berre gå, då.
Når det gjeld musikken så brukte eg himla lang tid på å finna noko med rett takt, og sleit hardt for å unngå Black Eyed Peas (sigra til slutt!). Min visjon var jo å berre spela Maiden heile timen, men måtte gje tapt for formatet som krever noko med litt rolegare og meir stabil takt. Kylie-pop vant. Spelelista finst på Spotify, eg får ikkje til å henta noko lenke dit, men er du venn med meg på facebook, kan du finna den på profilen min.
Så langt har eg berre hatt ein ordentlig time. Eg meiner sjøl det gikk fint, då ingen ramla av walkern, spydde eller skjelte meg ut. Derfor skal eg fortsetta med timar kvar torsdag og kvar tredje søndag denn hausten.
Indoor Ingerid høres dessuten ut som ein skikkelig rar superhelt, og kem vil ikkje vera det?

5 comments:
Indoor Ingerid kunne vore ein av Grammatikkmannen sine nemesisar. Betre namn enn "engelske lånord-kvinna" i alle fall!
Det hadde vært beyond gildt, Jorunn!
Men Indoor Ingerid høyres også ut som nokon som sit inne heile dagen. Kanskje ei som berre er på internett? Og snakkar engelsk-norsk?
No gir du meg STORE forhåpningar, berre så du veit det!
Post a Comment