Stuck i Vadsø?
Sitter du fast ein stad?
Ofte høyrer eg om menneske som er i Vadsø, men helst vil vera ein annan stad. Detta er eit fenomen eg tenker over, for eg har ikkje kjent på det sidan eg sjølv var stuck- 14 år gammal i Odda. Mellom då og no har eg budd ganske mange stader. Eg møtte aldri nokon som kjente seg stuck i London eller stuck i Bergen, men i Wolverhampton var det nok ein del som kjente seg stuck. Likavel: ingen stader i verda er ein så stuck som her i Vadsø!
Vadsø er ein liten by, ein fylkeshovedstad med mange byråkratjobbar tilknytta offentleg forvaltning. Det betyr stor gjennomtrekk av folk, gjerne unge folk, som kanskje har sin fyrste jobb etter endt utdanning, og som etter nokre år her får tilbod om jobbar andre stader, som dei heller vil ha. Og flytter igjen.
Detta synes mange er negativt for byen, og det kan eg til ein viss grad vera einig i, men det eg synes er virkelig negativt er kor ofte eg høyrer om kor innmari kjipt det er for dei å bu i Vadsø, og kor utrulig trasig dei har det når dei er her. Når ein helst ville budd ein heilt annan stad, men må vera i Vadsø av ein eller annan grunn. Uff og uff! Eg får i visse tilfeller inntrykk av at nokon nærmast er tvangssendt hit på arbeidsleir. Så sterk denne motviljen mot å vera her.
1998:
Då eg flytta heimafrå var eg 15 år. Eg flytta til Voss på hybel for å gå på vidaregåande, på ei linja som ikkje fantes heima. I grusomme Odda var eg så inderlig stuck. Då eg flytta frå heimen var stoda omlag slik: eg hata foreldra mine, eg hata Odda, eg hata å vera under 18, eg hata skulen, eg hata meg sjøl, eg hata nokre teite guttar og dårlige venninner, eg hata egentlig alt sånn som femtenårige usikre jenter gjerne gjør. Voss var liksom redninga. Odda var det reine helvete på jord! Eg kom til Voss og var full av hat mot det eg hadde bak meg. Fordi eg framleis kjente meg fanga, låst, innesperra, stuck!
Då var det nokon sa til meg:
"Ingerid, vait du ka? Du må aldri meir bu i Odda".
Barbro sa det. Ho er og frå Odda, budde på nabohybelen, ein del år eldre enn meg (var voksen, over 20!) og er den klokaste personen eg har møtt til no.
Og akkurat det der forandra alt. Eg som var så opphengt i alt eg ville vekk fra, innsåg at eg faktisk var fri. Eg trong faktisk aldri meir å bu i Odda. Og fri er eg framleis, endå meir til og med, myndig og greier, fri til å gjøra det eg vil, og bu akkurat kor det måtte passa meg. Sjølvsagt blir valgene og ønskene påvirka av kor han eg er saman med vil bu, kva slags jobb eg måtte ha, eller kronasjer, men det er faktisk eg som bestemmer kor eg skal vera. Og eg hadde altså aldri never ever orka å bu ein plass eg ikkje likte meg.
Dette skriver eg fordi eg i det siste har kjent litt på ønsket om å flytta frå Vadsø. Mange trasige småting gjør at eg begynte å tvila på om detta er noko stad for meg. Eg sa til og med til sambuaren min at eg ville dra. Altså, ikkje dra fra han, men dra fra detta stedet.
Etter å ha tenkt og tenkt og mest av alt kjent, har eg funne ut at eg vil vera her. Fordi eg er glad i denna plassen. Og om eg hadde eg tenkt og kjent, men komt fram til at eg ikkje villa vera her, då hadde eg reist. Eg må aldri meir bu i Odda. Eg må heller ikkje å bu i Vadsø. Eg berre vil.
Å vera stuck, det er eg for gammal til, altså.

1 comment:
Ah, Vadsø, Vadsø. Either you're in, or you're out.
Post a Comment