23.6.07

tiss


I går var eg på dass på den nye turistvegen mellom Utne og Jondal. Arkitektane hadde virkelig slått seg på assosiasjonsbruk og når du sat på doen såg døra slik ut. I tilfelle du ikkje må på do frå før av, så får du litt drahjelp....

I dag blir det terassefest, og eg har ikkje noko vetugt å kle på meg. Det er for kaldt for den nye kjolen, som eg forøvrig svetta ut med vektløftingsdans hos Liv Eirill i går, og alt anna eg har er litt dass. Eg trur raude sko må redda meg ut av knipo nok ein gang.

15.6.07

Fretex

...kan gleda seg til å få ein gedigen masse av "deigræv med dårlig smak"-kle frå Vasstun. Noken av dei har reist heilt frå Praha berre for å bli kasta med avsky ned i ein svart bossekk av meg. Det eine skjørtet må beskrivast. Hugsar nokon dei badedraktene som var ruglete? Relieff-stoff, nesten? Sånn var stoffet i skjørtet, som satt ganske stramt. Men nederst var det ein blondekant som spratt utover som på eit strutteskjørt.
Detta gjekk eg med offentlig, gjerne med dongeribukser under. På Vossevangen m.a. Gjerne med hankeam og kjetting rundt livet. Når eg tenkjer meg om fortjente eg nesten å bli banka opp.

Innimellom alt det HÆSJLIGE fann eg ein søt småblomstrete raud sommarkjole med skulderputer. Utan siste ledd vert det eit ganske kosher tilslag til garderoben. Eg har fått lånt litt peng av ho mor så i måro skal eg shoppa i gågato!


Detta bildet fant eg og blei litt glad for eg hadde glømt det.
Føyer seg til rekkja av 'bilete av blondine i telefonboks', sist sett i Dunkley st:

11.6.07

Norge Rundt

Slengdissehund
På Sotra bor det en hund som liker å leve farlig. Ni år gamle Tanya trivest best i høyden og får kick av fart og spenning.

Innslaget handla om ei bikkje som likte å henga etter kjeften i ein pinne surra fast med tau i eit tre e.l.. Eigaren, ein skinna fyr med svarte solbriller, dytta bikkjo så ho svingte fram og tilbake, hengande etter tennene. For å gjere det heile 'kjekkare' for bikkjo, arrangerte fyren denna slengdisso over eit stup, sidan bikkjo var så 'glad i ekstremsport'. Så hang og slang det stakkars dyret over kanten der då, og etterkvart byrja ho å laga ein forferdelig gurgle/ule-lyd, som programleiar og eigar såg ut til å ignorera glatt, eventuelt ta som eit uttrykk for trivsel frå hunden si sida. Så ramla ho ned.

Anbefaler alle som kan til å sjå det på nett. Det er noko...heilt anna.

3.6.07

Det er slutt med festspel for mitt vedkommande, men det betyr ikkje nødvendigvis at fest og moro vert erstatta med lesing til eksamen. På onsdag flyttar eg heim til Odda, og eg veit ærleg tala ikkje om eg kjem attende til Bergen med det fyrste. Det er lenge sidan eg ikkje hadde ein konkret plan med livet mitt, men det er ganske befriande, avslappande og stressande på same tid. Har ikkje begynt å rydda, pakka eller forbereda meg på nokon som helst måte til avreise, men eg og Liv Eirill i Odda har planlagt at det skal i alle fall bli ein fest i løpet av sommaren. Så, om du som les dette befinn deg i Odda kan du jo følgja med utover juni, så skal du sjå du vert invitert!

Totalt utan samanheng, her er gruppo люди из прошлого frå St. Petersburg. :D Dei er tvillingar, og syng oppbyggjelege songar om korleis den russiske jords folk skal seie nei til narkotika og alkohol (sånn ca.).

31.5.07


28.5.07

Bæsj i kaffien

I måro skal eg på Lunsj i Logen og høyra Trond-Viggo i samtale med Kjartan Slettemark. Aner verkeleg ikkje kva eg har i vente, men det er jo sannsynleg at eg set maten litt i vrangstrupen om det blir sånn.

Oppdatering: Det vart litt 'sånn', men veldig koselig og rett og slett familievennleg på ein lettare soppåverka (er det eit ord då?) måte. Og i morgon vert det støytrio Slettemark, Kjetil Manheim (trommisen frå Mayhem) og Lasse Marhaug.

26.5.07

No skal eg gå og få hjelp til å fylla ut sjølvmeldinga. Lord have mercy on me.

24.5.07

Kongen

I dag skal eg sjå på kongen. Han skal opne festspelutstillinga kl. 13. Eg hadde egentlig litt lyst å pynta meg, men det regnar så inni gamper*va at det mest sannsynleg har lite for seg. Eg er ingen stor royalist, men eg er glad i kjendisar, og kongen er absolutt ein av våre største kjendisar.

Andre kjente folk eg har veldig lyst å sjå, er Putin og Margaret Thatcher. Ikkje fordi eg har noko til overs for politikken deira, men dei har likavel ein stor fascinasjonsverdi. Når me var i St. Petersburg reiste to i klassen vår for å sjå på ein stor bokseturnering, og der dukka Putin opp, saman med Silvio Berlusconi og Jean-Claude van Damme (sic!). Me andre vart litt misunnelige.

Eg tykkjer uansett av store politiske kjendisar er meir interessante enn underhaldningskjendisar, sannsynlegvis fordi dei har ein god grunn til å vere kjendisar. Eg har ikkje så mykje imot tullekjendisar av typen Idol/Farmen/Skal vi Isdanse?-kaliberet, men dei er jo ikkje i nærleiken av å vere interessante. Store underholdningskjendisar er litt bedre, men når ikkje opp til diktatorspire-nivået der Putin befinn seg. Kongen kjem nok heller ikkje opp på det nivået, men han befinn seg i ein annan liga. Han inngjev ikkje til frykt og beven, berre litt god oppførsel.



Putin hadde uansett ikkje passa på festspelutstillinga, men eg må prøva å få han med meg på ein bombastisk militærparade e.l. i Moskva før han går av. :D

20.5.07

Framtida og aspektbruk (i futurum)

I staden for å avgjera ka eg skal gjera med livet mitt, må eg lesa til eksamen. I går vart eksamenslesinga avbrote av følgjande, i tilfeldig rekkefølge:

kaffikoking (om lag fira gonger)
laga sjokoladebollar
snopetur på Esso (berre ein gong, men ganske innbringande)
Stolthet og Fordom på NRK2
internett


Ei tid no har eg fundert på å flytta til Russland, og ganske langt inn i Russland, nærare bestemt Irkutsk i Sibir (ved Baikalsjøens bredder). No byrjar det å hope seg opp med gode grunnar for å la vera å dra dit, derav hovudårsaken EG HAR IKKJE LYST LENGER. No har eg to Bachelorgradar og ein Master, ein sjanglande kunstnarkarriere, eige firma, ein gryande journalistjobb, sinnsjukt mykje studielån, og ei trang til å bare vera heima og slappa av og nyta livet og yta etter evne, helst ikkje over for ein gangs skuld. Dessutan skal Mari gifta seg, og det vil eg vera med på.

Det er mindre enn to veker att av min karriere som student (inntil vidare), og eg gler meg skikkelig til å berre vera ein vanleg borgar. I praksis arbeidslaus, men det skal nok gå rundt. Fyrst og fremst gler eg meg til å bu og jobba i Odda i sommar, og fresa rundt i bilen! :D

apropos bil, denna la eg mi elsk på:
Den stod på vegen til skulen og var til sals for 5000 rublar.Nokre 16-åringar kjøpte den, og ein dag var den vekke. Imponerande!

13.5.07

Tilbake til kvardagen

Etter seks veker i St Petersburg har eg no kome meg heim til utstillingsopning, Grand Prix og eit hardtslåande feberanfall. Er ganske fornøgd med GP bortsett frå at Верка Сердючка som representerte Ukraina måtte sjå seg slått av Serbia sitt nikjipe bidrag. Me hadde uansett eit veldig engasjert vorschpiel med sjampis og vodka. Feberanfallet har kanskje noko med dette å gjera, uansett var det nok ikkje lurt å vera ute og dansa til klokko halv fira.

Ang Russland kjem eg tilbake til det etter kvert med bilder og anekdotar, kort oppsummert har eg hatt det kjempefint, lœrt masse, ikkje vore uforskuldt sjuk og kome heim att utan varige sår på kropp og sjel.