29.10.06

Bamsekart

Om litt meir enn to veker dreg eg til Berlin på besøk til Mari og skal ha det svinaktig kjekt, forhåpentligvis. Ein veit jo aldri. Ein av hovudgrunnane til at eg trur det vert kjekt (i tillegg til at eg og mari har ganske bra synkronisert søvn-og nœringsinntaksbehov) er at eg har planlagt, i forveien og greier, minst to spanande ting som ein ikkje kan gjere heime. Det fyrste er å ete på Pasternak, ein russisk restaurant som forhåpentligvis har knallmat slik eg hugsar den frå St Petersburg. I tillegg har me no funne ut at me skal leite etter bamsen i Berlin ved hjelp av kartozoologiske verkemiddel. Dvs at me prøvar å finne ein bjørn i bykartet ved å fylgje gatene. No er eg litt usikker på om det finst nokon bjørn i kartet der, men det burde det jo, sidan Berlin er så veldig knytta til dette dyret. Eg kom over denne flotte vitskapen i siste del av Tor Åge Bringsvœrd si bok om London, som eg tilrår alle å lese. Her er han sitt funn i London, merkantil blandingshund.

Noko anna eg har lyst å prøve på, er å få tak i ein skikkelig hagenisse. Eg har vorte råda å reise ut til forstadene av byen, og neimen er det ikkje ein slik stad Mari bur. Då tek eg med meg ein ekstra stor koffert og håpar på det beste.

OBS! Alle som har tips om Berlin, plasser dei her.


Noko heilt anna: Denne dama kom eg over via bloggen til ei amerikansk jente på livejournal. Ho er så vidt eg har forstått politikar og markert abortmotstandar. Ho på biletet altså.

GLAD!


SINT!

2 comments:

Mari said...

Hagenisse heiter Gartenzwerge på tysk. Du kan jo søka litt på nett og sjå om du finn eit godt utsal i Berlin.

Ingerid said...

joda, men eg tenkte at det kanskje var ein i din bydel spesielt.

(eg visste ka det heita...hehe)