26.10.06

Hater formater

Har veldig lyst å høyre på russisk radio over internett. Men det går ikkje. Ingen, absolutt ingen, av dei nokonogtjue stasjonane eg har prøvd, virkar. Eg har lasta ned det meste som finst, Windows player, Realplayer, Quicktime, og i tilleg er det nokon som opnar i iTunes og, men ingenting virkar. Jo, dei som opnar i iTunes virkar pittelitt, på ein svœrt amputert måte. Slik at eg kan høyre ti sekunder av radio, så vente tjue sekunder mens den bufferer, og så ti sekunder til. Er alt detta bare fordi eg har mac, eller er det noe anna? Nei, det er det nemlig ikkje ein kjeft som kan hjelpa meg med, for det er ingen på denne jord som kan noko om mac- og deler kunnskapen sin gratis.

Har hatt liknande problem med norske media på nett, spesielt med teve, og TV2 STINKER! FY! Dei innrømmer at dersopm du har mac er nett-tv'en deira berre i møkkaoppløysing, og at fjernkontrollen ikkje verkar. Neimen, for eit innmari bra tilbod då! Trur jaggu eg skal betala pengar for det.


Men..veldig frustrerande. Er det nokon andre som har mac og som høyrer på utanlandske kanalar?

Bortsett frå det er eg skitlei av å høyra om han der Roar Brekke. Eg synst han er eit fjols, og det er i høgda verdt 10 kroner å sjå han...evt for å
sleppe å sjå han, hvis du er ekstra hissig innstilt. Eg er ikkje det, det berre irriterer meg at noko som er så middelmådig får så mykje totalt ureflektert og positiv omtale. Hallo?! Har eg gått glipp av noko her, eller har bare samtlige journalistar i Bergen og omegn verdas mest patetiske form for humor?


I neste nummer av AKA skal eg skrive ein artikkel om post-mortem fotografi. Like før og rundt 1900 spesielt var det svœrt populœrt å fotografere sine avdøde, spesielt dersom ein ikkje hadde bileter av dei frå før av. Derfor er flesteparten på dei gjenlevande (...) fotografia spedbarn. Resultatet vert i våre auger eit slags Addams Family stillbilde, men i samtida var det ein heilt normal ting å gjere, og det gav sikkert dei pårørande eit slags substitutt for tapet deira.

2 comments:

Mari said...

Er det ingen på mac1.no-forumet som kan hjelpa deg? Eg meiner eg har sett ei forklaring på korleis ein kan sjå nett-tv frå NRK der. (Men eg forsto den ikkje, så det hjalp ikkje meg noko særleg. Kanskje du er smartare?)

Ingerid said...

eg har veldig mange issues med det forumet, men kanskje eg må prøva?(det er overbefolka av 15-åringar uten sosiale antenner som egentlig berre vil fortelja deg kor utrulig teit du er).