01:06:23
Så lang tid brukte eg! Så KORT tid. Eg er strålandes fornøyd.
I oppløpet.
Lørdag 8. mai deltok eg på Frauenlauf ogsprang ei heil mil!
I lag med ca 5000 andre kvinner (og eit et par transar) sprang eg først nedover Strasse 17 juni og inn i Tiergarten. Der sprang vi rundt og rundt og rundt på forskjellige stiar, parken er STOR. Eg har bare løpt intervallar i heile vår, og aldri så langt som 10 kilometer, derfor var eg litt usikker på om det ville gå bra.
Eg brukte gå-og-løp teknikk, der ein spring i om lag 5 minutt og går i om lag ett. Detta er fint fordi du ikkje blir så stiv i beina. Det viktigste er dei første "pausane".Om du venter til du er sliten og kjenner syro i beina er det for seint å bremsa, då blir du stiv uansett.
Så vi var ikkje ein gong ein kilometer av garde før eg to kmin første pause. Ei høg blond jente (OK, eg og er jo litt høg og blond, men ho var HØG og BLOND på ein mye meir gjennomført måte) brølte inn i øret mitt at no måtte eg komma igjen her, og folk som stod på sida og heia synst åpenbart litt synd på meg. Men eg bare gliste fra øre til øre under heile løpet. Og tok pausane mine. Når eg sprang var det fortare enn eg hadde løpt uten pausane så det heile gjekk opp i opp.
Løpet og arrangementet var svært gemuchlich (er det det det heiter) og folkelig. Mye musikk, høgtalarar og fjas. Av hensyn til ektemenn og kjærestar som heia fram damene sine, var det stor tilgang på øl og pølse rundt start og mål.
Undervegs var eg veldig usikker på kor langt vi var komt. Det stod noen skiltmed tallpå undervegs,men ein eller to gangar kom vi til 6-skiltet før vi kom til 5-skiltet, så eg var usikker på om det betydde antall kilometer, og om så, om dei var til å stola på. Så når vi var i oppløpet frykta eg at vi var halvvegs, blei veldig betutta og tenkte at faen detta blir slitsomt. Halvvegs bare. Shit. Og turte ikkje gi på. Gleden var ENMORM når eg skjønte at detta er MÅL!
Og når eg kom i mål var det medalje. Gratis øl. Og etter det igjen var det tid for GESCHENK - freebies! Heile løpet er sponsa av ein kosmetikk- eller parfymekjede så her blei det shower gel og sminke i påsen! Rosa påse.
Medalje og øl og greier. Kan det bli bedre?
Medalje og øl og freebies og Brandenburger Tor! Då blir det ikkje bedre.
Rimelig fornøyd!
Super-Lars er på besøk no og var med meg som personlig trenar, livscoach, fotograf og kjæreste. TUSEN TAKK!!! Detta var noe av det kjekkaste eg har vært med på. Siden Hovden-karusellen i Odda, vel og merka.

1 comment:
Du verden! Det er jo helt utrolig hvor sprek og kvikk du har blitt på no time. Gratulerer med godt utført løp - jeg beundrer deg!
Post a Comment