Bombesikker kunst
I går besøkte eg kunstsamlingen Sammlung Boros. Den er litt spesiell fordi den befinner seg i ein bunkers fra andre verdskrig, bygd over jorda for å vera både eit vern mot bombing og anna, samtidig som det skulle vera eit monument over det tredje rike eller noe sånt. Etter krigen blei det brukt til mye forskjellig, blant anna bananlager, og etter samlinga av Tyskland husa bunkersen ein sværa tekno-klubb og masse kinky fetish-festar.
Ein mann ved etternavnet Boros kjøpte bunkersen i 2003 og restaurerte den slik at den kan brukast til å visa kunst. For fyren har samla VELDIG masse kunst, 500 verk, og mange av dei er ganske svære. No viser dei "første runde" av samlinga, rundt 100 kunstverk, hovudsakelig installasjonar.
Mange kjendisar i samlinga, Olafur Eliasson, Sarah Lucas, ein god del tyske kunstnarar og til og med ein norsk som eg ikkje huskar navnet på. Dei hadde nemlig ein litt rar policy med at ingen verk var merka med navn, så ein måtte få dei muntleg av guiden.
Både bygningen i seg sjøl og kunsten er interessant. Nokre rom er malt og sjaina opp, andre er meir eller mindre som dei var- med grafitti på veggane, vindauge med gitter, luker for lufting og ventilarmot giftige gassar. Nokre stader er det laga hol i metertjukke veggar, og andre stader kan du se kor dei har skore gjennom taket, som var tre meter heavy betong (eller er det mur?). Du får kjensla av å vera inni no veldig tyngande, svært og kanskje litt uhyggelig. På toppen hadde samlaren sjøl bygd seg ein staselig penthouse-leilighet, men den fekk vi ikkje sjå.
Om du likar samtidskunst, spesielt installasjonskonskunst, er dette nesten eit must om du er i Berlin. Eg og likte det, sjøl om eg vanlegvis ikkje er så begeistra for installasjonar. For her var det jevnt over høg kvalitet på samlinga. Synst eg då. Litt viss-vass er det jo alltid.
Seff ikkje lov å ta bilder. Strengingar.
Praktisk: Bestill i god tid (eg bestilte for halvanna mnd sidan) via nettsida. Turen tek i underkant av halvanna time. Kostar ti gærningar. Verdt det.


No comments:
Post a Comment