28.5.10

Masse besøk, lite kunst

Eg har hatt mykje besøk den siste veka. Etter vill shopping, sushi-fråtsing, DDR-synsing, Russendisko og sjampis har dei reist heim alle saman, og eg har inntatt sofaen. Blir her i dag.



Prosjektet eg har hatt saman med Nadja har dessverre blitt utsatt. Først fekk eg tre svarte filmar tilbake frå framkalling. Så blei det kluss med utstillingsstaden.
Men ideen finst, den ser omtrent ut som på bildet over, og snart får vi ein ny stad å visa oss fram på. Så må eg bare bruka ein del tid og krefter på å reparera eit objektiv og mala frukt, slik at eg har noko å visa fram.

Lite har skjedd med Berlinerord den siste veka. Det vart litt for mykje for meg.

No comments: