ABC 2010

Favorittbildet fra året som gikk...etter Frauenlauf i Berlin.
A: Askefast. Veldig. Men eg lurte den jævelen! Haika til Hamburg :P
B: I år kjørte vi bil. Klok av skade etter det føirbainnades vulkan-fjott-utbrotet på vei til Berlin i april, ville eg at vi skulle ta bilen sørover for sommaren. Det var kjekt men ganske tungt.
C: Campinghytta. Dokka camping i Oppland og Unstad camping i Lofoten. Campingplass er heilt greit, men er ikkje noe eg har tenkt å fortsetta med.
D: Dunkelrestaurant: spis mat du ikkje ser, servert av folk du ikkje ser. Dypp fingrane i dip´en, mist det meste av bestikket og bom på munnen. Ha litt angst.
E: Etsingar. Gammaldags metode for å laga grafiske trykk, som eg selger, men dessverre bare forstår litt av.
F: Frauenlauf, Berlin. 10 kilometer harrytur i joggesko med gratis øl etterpå. Sehr gut!
G: Granåsen, Trondheim. Eg har vært på grunnopplæring i Sivilforsvaret denna hausten. Der blei eg og kjent med den nærmaste naboen min her i Vadsø. Eg veit ikkje om det seier noko om meg, om Vadsø eller om naboen at vi måtte til Trondheim for å faktisk bli kjent med kvarandre, men who cares? Turen og opplevelsen var veldig hyggelig og sosial. 25 galningar av begge kjønn henta frå strekninga Nordmøre til Kirkenes stua saman på brakkeleir i Granåsen utanfor Trondheim for å læra om brannslokking, livredding og kompasslesing i tre veker. Eit sosiologisk studium verdt, utan tvil. Detta er det næraste eg har vært ein reality-serie (og eg trur eg hadde blitt stemt ut ganske fort, av mangel på rai-rai-faktor). Mange kjekke folk og mye moro lell. Mitt første møte med Trøndelag var det og, og eg må si det verka dugandes.
H: Hüttenkäse :D
I: Ich will. Eg har vore i eit veldig flott tysk bryllup i september. Detta var det eg forsto av seremonien.
J: Jogging. Eg jogga 13 kilometer i år. Til neste år skal eg jogga 21. Eller løpa. Eg veit ikkje heilt kor grenso går. :)
K: Kondombuksa for første gang. Det var ein terskel.
L: Eg har aldri vært i Lofoten før. Men der var vi i sommar. Lars og meg, sammen med Håvard og Jorunn og bikkjo deiras Balder. Vi hadde ein dag med knallvær og fem med drittvær, testa surfebrett for første gang og kjørte mye bil mellom stupbratte fjell og hav. Så kjørte vi heim.
M: Mala kjøkkenskapene. Knalle grønne overskap og mosegrønne underskap.
N: Nakken min bifalt ikkje 500 mil i bil i sommar, og valgte med omhu katti den skulle slå til med smertehelvete. Dag to av firadagarsmarsjen langtavlei vestafjells, for eksempel.
O: O´boy er det lenge siden eg har smakt. Vi snakker tiår. Men eg fekk to boksar av Christina som flytta sin vei no på tampen av desember. Trist at ho flytta, men O´boy viste seg å vera godt, det trøster jo noe.
P: Polyester. Har lenge sikla eter å få sett denna lekre saken signert John Waters med Divine i hovudrolla. Den skuffa ikkje! Hilde sendte meg mesterverket i posten, bare sånn for å vera grei! Heilt utrulig snilt. Hilde sendte meg og ein boks Marmite i våres. Eg likar Hilde! (Og eg har litt dårlig samvittighet for at eg enno ikkje har publisert noko filmmelding her på bloggen. For det lova eg nemlig. Bu meg.)
Q: Quiz-padda. Eg er skikkelig elendig.
R: Rammemester Ingerid. Eg har lært meg å ramma inn!
S: Resten av meg-tida har gått til slasking. Eg har aldri vært så asosial som våren 2010, då eg trur eg holdt meg klink edru i tre-fira månadar uten å tenka over det ein gang. Edru var eg for øvrig og i heile oktober, då eg ut av det blå fekk det for meg å ha kvit månad. Som seg hør og bør i småbyar resulterte det i graviditetsrykter. Desse ryktene har eg gjort mitt beste for å avkrefta i ettertid, trur eg endelig lyktes med det på 3. juledags-jam´en då eg rava rundt på dansegolvet med øl etter øl etter øl. Men slasking er altså stikkord. Mye innetid og heimatid. Finna meg sjøl-tid. Surfa på meir eller mindre givande nettsider-tid, og oppdaga at eg er hekta på trash (les: fitnessbloggar og Kvinneguiden). Men og kosa med katten-tid, pusla heima- tid, laga kaka-tid og angripa den sovande mannen med dagslyslampa om morgonen-tid. I det heila tatt, kvalitetstid.
T: Trening. Mye trening. Har egentlig trent i heile år uten lengre pausar. Med unntak av sommarferien, som var ein tre vekers pause med mange trimturar og laaaange bilturar har eg trent mellom to og fem gangar i veka i heile fåkkings år. Det blir noe sånt som mellom 150 og 200 treningsøkter. Det er ganske mye til meg å væra. Eller, ikkje til den nye meg å væra. :P
U: Utroskap. Vi vurderer å være våre skap utro og skifte dem ut med nye.
V: Varmluftballong- aldri meir rakettar. Oppdaga på ein fin fest i Nesseby med varmluftballongar som svever over nasjonalparken, akkompagnert av joik og sosialistiske slagord.
W: Wolverhampton. Minner om mi tidlegare besteveninna fra mine år i Wolvo gjorde at eg sende ho ein e-post etter fem års isfront. Eit kjølig høflig og distansert svar satte definitivt punktum for oss.
X: XXVIII. Eg fylte år og feira med strikk og drikk- eventement.
Y: Ysteri. Vi kjøpte økologisk geitost på eit ysteri i Lofoten. Sorry, ikkje veldig spennande, men y spelar åpenbart ingen stor rolle i mitt liv.
Z: Zumba-trening blei forsøkt og forkasta. Knebøy ruler!
Æ: Har tatt meg sjøl i å si "æ". Hjelp. Glad ingen fra Odda veit om det.
Ø: Ønska meg mye i år, og ønsker vidare til neste år.Liker å ønska.
Å: Åletrange bukser. OK bukser har blitt til for små bukser, og i alle fall no på tampen av året har dei klemt ekstra hardt rundt min stakkars kropp. Lars sier det er viltvoksande musklar, altså eit heilt ekstremt tilfelle av hypertrofi.

Godt nytt år!

4 comments:
Kvekk. Artig å lese hurtigversjonen av "Ingerid 2010". Godt nyttår snipa! Stor klem fra Vik i Sogn (altså bare for øyeblikket, fortsatt Sandefjord som gjelder).
Så kjekt å høyra frå deg Rikke! God nyttår tilbake. I år treffes vi, det kjenner eg på meg. :)
nei, dette var stas, så stas at jeg måtte herme på min blogg! Godt nyttår!
Takk! No skal eg lesa ka du har dreve med alfabetisk.
Post a Comment