Pesshysa svømmer sørover
I anledning Hilde sin bursdag har eg laga denna.
Det er mitt første broderi. Kanskje ikkje mitt siste. Det var ganske koselig å ha noe mindless å putla med.
Apropos putling, så har eg det framleis veldig flott på teiknekurs, eg har og meldt meg på grafikkurs i april og siklar på ei vekes kunstkurs i Kjøllefjord (ja!). Bak i håvet mitt ligg den litt ubekvemme vissheita om at eg har lova å væra med på utstilling ein stad i Hardanger i mai. Det kan bety at eg faktisk må ta eit bilde, sjøl om eg hadde tenkt å slutta med det. Det hjelper på at eg får ramma det inn sjøl. Litt ordentlig arbeid, liksom. Eg har til opg med lært meg å skjæra glass, og sjøl om eg ofte tabber meg på gjennomføringa må eg si at det egentlig er ganske enkelt.
Forresten, om du synst den vetle fisken under teksten ser ut som et helikopter er du ikkje den første.
Pesshysa sjøl må ellers spara litt pengar siden ho i tillegg til alle disse kursene har bestilt charterferie, Hammerfestweekend og Berlintur.

2 comments:
Kor i Hardanger?
Veit ikkje enno, husker bare at eg sa ja. :P Trur det sku vær utstilling med dei som hadde budd i Berlin-husværet.
Post a Comment