4.2.07

:D

Ved hjelp av hjelperen Vergil skal hun ha vunnet i tipping i 43 uker på rad (Isfolket 47:221).

Driv research på Margit Sandemo. Dœggern så mange kattar og bikkjer som er oppkalt etter personar i Isfolket.

let's get it on


Etter ei avslappande og oppfeitande helg i Odda er eg tilbake på Laksevåg og Damsgård, som er den minst laksete delen av denna bydelen. Dvs at på Damsgård er det eigentlig ganske biletskjønt, men det er det lett å glømma, siden det er omkransa av styggedom i form av industyribygg og såkalla usjarmerande arbeidarbustader. Og det er uansett på mørkesida av byen så noke Sandviken blir det aldri. Eg har det veldig fint her, men stemmer for å bombe puddefjordsbrua sønder og sammen. Det trur eg vil føre til ei positiv utvikling på Laxen. No er me for nœre byen, men dersom brua ikkje fantest, måtte me ha mora oss som best me kunne her me er. Det kunne ha ført til at ting slutta å bli nedlagt, og me fekk bibliotek og skjenestova tilbake. Det hadde og resultert i mange rådville studentar som i mangel av å komma seg på lesesalen til slutt kunne gjort noko radikalt og/eller nyskapande, slik at Laksevåg vart eit nytt intellektuelt senter for ein eller anna ny retning. Frode Grytten budde på hybel på Laksevåg og skreiv visst nok fyrste diktsamlinga si her, men eg veit ikkje om brua fanst då. Han har uansett sidan vorte klassifisert som ein bergensforfattar. Vist om atte eg sku ha skreve ei bok hadde eg presisert i minibiografien at eg bur på Laksevåg, ikkje for at det er så vanvittig hardcore og kult, men for at Laksevåg kunne ha bruk for fleire forfattarar. Eg TRUR Lars Ove Seljestad bur på Laksevåg, men eg er ikkje sikker.
Eg komme nok i alle fall ikkje te å skriva ei bok med det fyrste og når eg gjør det bur eg kanskje ikkje her lenger. Sjangsen er jo og stor for at ei eventuell utgjeving vil bringe ulykke over min dåverdande buplass.

Eg søkjer herved kjente og pittelitt-kjente mennske som bur på Laksevåg. Eg synst dei skal kartleggast!

PS: tittelen refererar til Barry White, han gjer ofte livet på puddefjorsbrua mykje meir groovy (om enn på ein ganske slesk måte).

28.1.07

Morgonstemning





Her komme endelig noen bilder fra Varanger. Alt skjer jo om morningen egentlig, det var bare lyst fra 9 til 12 ca. Tidssonemessig ligg vel aust-finnmark ganske langt frå sør-Norge, og burde vel fått ein time eller to plussa på sånn at ein slepp å stå opp så tidleg for å få ljos. (tidleg er før ti, når eg er i feriemodus)

Det første biletet er det eg ser når eg vaknar- eit vindauga med eit slags dommedagsliknande ljos utanfor (men akkurat her var dommedag på ein måte ikkje noko truande konsept).

19.1.07

Dunkley street

Jorunn har fått seg scannar, det betyr at bildematinga her inne kan nå nye høgder, siden eg kan digitalisera ein god del av dei analoge bildene mine. Her er noken frå Dunkley street i Whitmore Reans, Wolverhampton.


Naboen vår, som eg ikkje husker navnet på. Det han held rundt høgrehanda er beltet frå barnebunaden min.


Bakgården vår, med Molineux Football Ground (heimebana til the Gold and Black Army, Wolverhampton Wanderers) i bakgrunnen.


The Animals, som budde litt lenger nere i gato vår. Veldig engelske lads, som likte damer, øl og sport. Eg har ikkje før eller siden møtt noken som kan drikka så mykje som noken av desse. Augensynleg kasta dei ikkje vekk tida på oppvask, reingjering og anna tull.


Fotoboks med blondina.

9.1.07

Indre Østland


Fant detta bildet på datoren min, som skriv seg frå gode gamle dagar då eg var ein sommar i Ski og jobba. Det einaste eg gjorde utanom var vel å dra på svenskehandel med kompis Snorre, etterfulgt av ragging (råning) rundt i Indre Enfold, type Askim og Rakkestad (medan eg trødde i meg uante mengder sukker og e-stoff frå den gjennomførte svenskehandelen, som for øvrig gjekk føre seg i Strømstad). Mannen på bildet er fanga utanfor Rakkestad Kommune, Teknisk etat. Spesielt vart eg imponert over dei hyppige pølsebuene, den såkalla 'kœlgrillen', som i ni av ti tilfeller var flankert av eit solstudio, 'kjœrringgrillen'.

Halvanna år seinare tok me same turen, denne gongen til Nordby(??)senteret der ein bulimikar har dødd og komt til himmelen. Eg har aldri sett så mye DIGG!




Nok om det.

Eg kom tilbake i dag, ganske sjuk men ellers glad, og oppdagar at det spøker for mitt liv som middelklasse. Eg har nemlig ikkje eit raudt øre, og får ergo ikkje betalt semesteravgifta, vidare vert det då ikkje noko stipend/lån...

Fint handsama Pennyblader til ein billig penge, anyone?

4.1.07

Bare bilder





26.12.06

God jul kids!

Håper alle fekk det dei ønska seg! Eg har god kaffi i kofferten og høgtalarar til datoren på veg!

Mellomlanding på Laksevåg, dreg vidare til Vadsø i måro.


(fint bilde av Vadsø)

HER skal eg bu!


Må stå opp stupid o'clock, dvs at eg mest sannsynleg ikkje får søvn overhodet. På flybbussen.no kan eg lese at flybussen som skal gå via Fyllingsdalen ikkje går. I bussrutene kan eg lese at ingen bussar går inn til sentrum. Eg må gå førti minutt med blytung koffert inn til busstasjonen og vere der kvart over seks. Livet er deilig. Gjett om det kjem til å regna. Gjett!

=bruker pengar eg treng til mat på taxi! Slankande....eller noe.

19.12.06

Heima! Odda!

Her er det ofte litt kjedelig. Ingen av vennane mine har komt heim enno, og ho einaste som er her er så seriøs at ho jobbar og sånn, så då vert det mest heimatråkking. Eg har vore flink og hjulpe mamma med alt mulig husarbeidtull, og bert litt juletre og veldig masse ved. Broren min som arbeidar på Zinken (Boliden) hadde fått ein skritteljar til jul fra bedriften. Det betyr at eg har fått ein skritteljar. Det har mamma og pappa og fått men på deirans står det Odda Kommune.

Slik såg det ut frå vindauga mitt for to år sidan. Det er ganske likt no, berre at det er eit skur nere med julatreutsalet, og at det ikkje er snø.



Utsikt mot vasstun få andre sido av Sandvinsvatnet. Huset vårt ligg ca. rett ovanfor benken.



I tillegg har eg omtrent skrive budsjettet mitt for 2006, og eg har faktisk hatt ein viss gjennomstrømming av peng. Men selvfølgelig er det stor forskjell på kunstpeng og fotopeng, og likningskontoret skal ha to forskjellige skjema. Endå ein grunn til å bestemma meg for å gjera ein ting, og ikkje tusen.

Eg har veldig veldig lyst på scanner og ein dugeleg skrivar. Helst vil eg jo ha fargemørkerom. Men det er jo ganske umulig.

I mellomtida skriv eg søknadar i hytt og pine, om å få peng, om å få peng til andre, om å få utstillingsplass, om å få medlemsskap, om å få husvære. Så trist at ein ikkje berre kan fiksa desse tinga sjøl. Kven vil vera med i MIN kunstnarorganisasjon? Eg skal jo starte atelier og galleri i Odda, så då kan medlemmene få gratis kaffi når dei er på gjennomreise. Dvs. dei får tilgang til eit levande miljø og kunstnarisk forum. Eg tenker organisasjonen kan heite Kunst til overs, og vere open for alle som har fått avslag på minst ti søknadar om medlemsskap, stønad og utstillingsplass. Avslag av svært lokal karakter vil ikkje verte vurdert.
Eg er litt usikker på kor mange avslag eg har fått. Eg hugsar at det var ein god del i England, men har dokumentert berre to. I Norge hugsar eg spesielt jævlane på Hordaland Kunstsenter, pluss ekle Bergen kommune. Ellers har du den gamle travaren Kulturrådet, som eg no har søkt om avslag for andre gong (men ikkje fått svar enno). Vestlandsutstillinga er svært affilert med Hordaland Kunstsenter, så eit nei var vel ganske forventa. Eg kan i skrivande stund hugsa 6 avslag som var verkeleg sure. Det vil seie at eg må skaffe meg nokre til!

Så, sett i gang og send inn vanvittig dårlege idear (du er nok allereie godt i gang tenkjer eg) til Haustutstillinga, Kulturrådet, Statens kunstnarstipend, whatever, så kan de snart få vere med i Kunst til overs!!! (oppstart rundt mars- følg med her eller heimesida kva som skjer!)

12.12.06

Sånn, no er det jul for meg! I ettermiddag dreg eg til fantastiske Odda og blir der i to veker. Der skal eg hogga juletre og utvikla mitt indre sjelsliv.

Imidlertidig må eg pakka først, og det er slit. Eller, tanken på å bera alt eg har pakka, er vel mest slit. Derfor dit eg og leikar med tanken på å ta bussen, for kanskje andre gang i år.

I helga har eg drive med fæsjån igjen. Eg synst det er artig korleis ordet fashion liknar på fesjå (dyrskue for dåkke austlendingar).

Happy yule, alle saman!



http://youtube.com/watch?v=jgrQdxzFAtM&mode=related&search

4.12.06

regnregnregnregnregn

Eg kan ikkje skriva om noko anna enn regn. Det er alt som er. Det er alt som finst i heile verda, liter på liter på liter med regn som bare driv på og regnar kvart sekund, kvar dag, heile dagen. Vind. Vind og vind og vind og vind, som øydelegg paraply etter paraply, humør etter humør, dag etter dag.

Det er praktisk umulig å vere chic over den forbistrede puddefjorden.