24.4.10

Dunkelt

(Då har eg endelig klart å kjøpa USB-kabel,men det var så klart feil type..;)

No kan eg fortella om mørke saker. Eg får Beøk av Jenny og Monika i dag, og dei vil altså på ein restaurant der det er heilt mørkt. Dunkelrestaurant heiter det. Du et i stummande mørke. Kelnerane er blinde. Det skal visstnok vera ein opplevelse forsansane og sånn. Litt skummelt og veldig spesielt. Gler meg.

Eit anna dunkelkammer er gangen i blokka vår. Eg forstår ikkje kvifor lyset alltid er av i gangen, for eg ser jo faktisk ingen ting og om kvelden når det er mørkt ute bruker eg ganske lang tid på å komma meg gjennom gangen med sykkelen,låsa opp bakgårdsdøra, ut i bakgården, tilbake og låsa, finna trappa, og så opp til leiligheta. Har tyskarar innmari godt nattesyn? Det er noen raude lysande knappar her men dei ser sånn ut som brannalarmar så eg tør ikkje trykka på dei. Kanskje det og er ein opplevelse for sansane, hittil har eg bare fått blåmerker.

Nok dystert. Ord for dagen: Berlinerbolle.

Eg oppretta ein eigen blogg for kunstordene.

No comments: