Gje meg eit ord så gir eg deg kunst
Har du lyst å bestilla eit kunstverk? Gratis og gøy!
I april og mai skal eg bu på kunstnarbustad i Berlin. Kvar dag kjem eg til å laga eit kunstverk ut frå eit ord eg har fått. Derfor samlar eg på ord å ta med på turen.
Eg veit at du som les detta har ALT som skal til for å hjelpa meg. Du er nemlig grei, du kan norsk (og ikkje minst beherskar du begge målføre), du har høyrt om Berlin, og du har åpenbart tid til overs. Derfor spør eg: Har du eit ord å gje meg?
HOW TO:
- tenk på eit eller fleire (gjerne MANGE) ord du forbind med Berlin
- skriv dei i kommentarfeltet under eller send på melding til meg
Du kan godt betrakta det som ein bestilling. Om ordet du vil gje meg er “vandal” bestiller et stykk vandal-kunst. Mediet kan vera så mangt men eg er fillustratør og otograf av utdanning, journalist av vane, gallerist av yrke og ikkje så aller verst til å strikka,så det gir vel noen peikepinnar. I dei fleste tilfeller må eg i alle fall bruka foto og video for å formidla det eg har produsert.
Den gjeve kunsten vert presentert på bloggen min i fyrste omgang, utvalgte perler på heimesida til galleriet eg arbeider på, og når eg kjem tilbake blir det mest sannsynlig utstilling men det er ikkje banka enno.
(For dåkke som har Underskog: eg har eg posta samme forespørsel der. Men eg vil så veldig gjerne høyra frå dåkke som les her og)
DANKE!

10 comments:
Fint namn på bloggen din!
Tusen takk! Ordet kom til meg via denne boka: http://www.nynorsk.no/ml/odda/bok.htm
Me seier det heime.
Ordet jeg forbinder med Berlin, stammer fra skuletur med klassen fra videregående: blå
mvh
Hilde
Berlierbolle, seier Jokke. Eg seier fridom, kartlesing, hagenissejakt, julemarked, jogging i skogen og caffe macchiato.
Tusen takk Hilde og Mari.
Ja tenkt at du huska hagenissejakta vår Mari! Her er minnene:
http://gudlabadne.blogspot.com/2006/11/nisserapport.html
Sakn.
Eg kan ikkje dy meg, tyske panserlesber vert mitt bidrag.
Håper luftrommet snart klarnar slik at me kan innta storbyen.
Jenny
Det som slo meg då eg var i Berlin var kor fint det må vera å sykle der, så eg foreslår ordet 'sykling'.
Tusen takk for fine bidrag.
Lars: gjenforening:)
Jenny: no stikk asko! Kom kom panserpiker!
Mads: Jepp, det er det.Og han som budde her før satte att sykkelen sin. Så då passar det veldig godt med sykling som første ord. Startar i morgon med eit stykk sykkelkunst.
Post a Comment