28.4.10

Mørkemat

Eg ane ikkje kossen det ser ut her,kem som er her, kossen mannen som står ved bordet vårt ser ut, om det er kvit eller raud duk på bordet eller om det står nokon rett bak med med ein sabel, klar til hogg. Kanskje finn eg det aldri ut. Kjem eg ut herifra i live?

Sånt surrar gjennom håvet når ein er på sitt første besøk på dunkelrestaurant. Mørk reastaurant, altså. Uten lys. INGEN lys. Stummande mørke. Med litt angst.

We do not serve you snakes or spiders, forsikrar servitøren oss mens vi framleis sit oppe i lyset og ser på menyane. Haha, seier vi.

Men når du sit der nede i mørket og tenker på den potensielle sabelmannen, då er det liksom ikkje så haha lenger. For atte tenk om atte dei KUNNE jo strengt tatt ha gjort det...servert oss edderkoppar og sneglar altså.

Vi bestiller i lyset. Så blir vi ført ned ei trapp inn ei dør. Her ventar kelnaren vår på oss. Han leier oss til bordet. Og der sit vi. Fullstendig hjelpeslause uten synet vårt, litt nervøse og spente og eg ganske skvetten i forhold til den kanskje ikkje innbilte vampyren som sit på mi høgre side (men eg fortel meg sjøl at dei lysar vel i mørket, gjer dei ikkje?).

No er det vi som har eit handikap. Kelnarane her er nemlig blinde. For dei er det ein heilt vanlig situasjon å ikkje ha noen synssans, så dei har stålkontroll. Vi sit og fniser og skvetter og dypper fingrane i dippen og oppførar oss velso nokre grisar. Noen av oss tok vel til å lika så greit hoppa over bestikket når siste rest på fatet skulle inntas, og det var ingen dum taktikk.

Ja, for maten var så fantastisk at fatsleiking var på sin plass. Noe av det beste eg har smakt. Prøv om du kan!

No comments: