Kroppen slår seg vrang
I natt våkna eg av at eg måtte på do eller noe. Og av ein eller anna grunn så krølla eg meg sammen på ein rar måte, ved å svaia ryggen opp frå madrasso. Då sa det liksom pang fra nakken og nedover langsmed sido av skulderbladet. Det kjentes ut som pang i alle fall. Og det har gjort vondt siden.
Så no er eg litt invalid, uvisst av ka for ein grunn. Vanligvis er det datamaskina sin feil, men no skjedde det altså på venstre sida. Eg skylder på lørdagens litt intense skigåing (bakglatt!!!) og sjølvsagt svake gener (skjønt akkurat til skigåing burde genene mine vera ålreit).
Tips til lindrande aktivitet blir satt VELDIG stor pris på. Har ikkje badekar, men rikelig med tigerbalsam. Hadde eg hatt begge deler skulle eg gjerne kombinert dei.
Au.


No comments:
Post a Comment